Hotellkonge

Det er det som er det særmerkte med Noreg, noko politikarane etter hans meining ikkje […]

Det er det som er det særmerkte med Noreg, noko politikarane etter hans meining ikkje forstår. Det å oppretthalda jordbruket i distrikts-Noreg er ein viktig del av ei satsing på turisme.

Hans påstandar blir også underbygde av ferske forskingsrapportar. Kulturlandskapet er ein sentral turistmagnet. Land som Island og Skottland, som på mange måtar liknar Noreg, har oppdaga det og gjort noko med det. Island har klart å auka turiststraumen med 100 prosent på ti år ved å bruka det magiske i landskapet bevisst i si marknadsføring. Skottland har også gjort bygdene og kulturlandskapet som merkevare av landskapet sitt. Forskarane rår til å satsa på regionale landskap. Men skal ein lukkast, må det ei felles planlegging og heilskapleg satsing til.

Turistane frå land lengre sør i Europa kjem ikkje til Noreg for å køyra milevis gjennom eit landskap som liknar deira eige, eller enda verre, eit landskap som er overgrodd med skog og ugras. Dei vil oppleva eit velhalde landskap med mangfald og variasjonar. Noko me har hatt i Noreg til denne tid. Til nå har frykt for nedbygging av bygdene mest blitt oppfatta som eit klagerop frå bøndene. Men nå har dei fått uventa drahjelp utanfrå. Buchardt fryktar at det kan gå med Gudbrandsdalen, der han har sitt hovudsæte, som i Østerdalen der kulturlandskapet gror igjen og skogen får veksa fritt. Me får håpa at ropet frå hotellgründeren blir høyrt. Men for at det skal skje ei endring, må det ei vekking til. Ikkje berre blant folkevalde sentralt, men i høgste grad også blant våre lokale politikarar.