Hundre år med sjølvråderett

Unionsoppløysinga var det siste steget på vegen mot å bli ein sjølvstendig nasjonalstat. Det var […]

Unionsoppløysinga var det siste steget på vegen mot å bli ein sjølvstendig nasjonalstat. Det var ikkje det eine dramatiske brotet som gav oss sjølvstende. Den einsidige norske erklæringa var dramatisk nok, men dei svenske reaksjonane viste at det var ein lett union som ikkje var så vanskeleg å løyse opp. Difor gir jubileet ikkje grunnlag for å skape dei store nasjonale
kjenslene.
Ein kan heller ikkje underslå at feiringa av sjølvråderetten skapar politisk diskusjon i eit land som er delt på midten i spørsmålet om Noreg skal gå inn i EU. Nesten alle dei store norske avisene er for at Noreg skal melde seg inn i EU, og alle har hatt oppe peikefingeren om at vi ikkje må trekkje slutninga om at alt har gått så bra i Noreg etter
unionsoppløysinga, og at det beste er å stå aleine også i framtida.

I lys av EU-debatten er det grunn til å dra fram at Noreg er eit land
som har klart seg godt når det gjeld velstand og velferd. Alt for ofte er det krefter med EU i sikte som framstiller oss som eit land med nisseluementalitet, og at det er olja som har berga oss.
Oljeutvinninga har vore viktig ikkje minst fordi Noreg har vore flinke
til å få det maksimale ut av den. Eit anna døme på det same er fersk internasjonal statistikk som viser at nordmenn jobbar smart og får mykje ut av arbeidskrafta, også uavhengig av olja.
Hundreåringen kan difor vere litt stolt utan at det nødvendigvis er
det same som å vere sjølvgod og nasjonalistisk. Vi har klart oss ganske bra utan både Sverige og EU.