Med mykje snø og fine tilpassa løyper, var alt klart for Etnefjellsturen på søndag. Men med litt surt ver med snøbyer, blei ikkje forholda så fine, og deltakartalet heller ikkje så høgt som arrangøren hadde ønska seg.
— Me hadde håpa på fleire deltakarar med bakgrunn i det flotte veret laurdag. Men i dag vart det litt meir snøvêr, som kanskje førte til at folk heldt seg heime, seier Ragni Fett i arrangørkomiteen. Ho legg til at det også går an å melde seg på turen etter avtale ein annan dag, for dei som det ikkje passa for denne søndagen.
Det var rundt ti deltakarar som tok turen for 21. gong dette året. Til saman var det rundt 100 deltakarar som gjekk Etnefjellsturen. Eit tal som var sånn midt på treet. Dette året var det ikkje aktiv klasse for dei som ville gå på tid.
— Det er mykje arbeid med det og det har heller ikkje vore så mange påmeldingar til denne klassen, seier Ragni Fett.
Frå Skjold
Ho heldt seg inne i hytta på Fjellstøl for å ta imot påmeldingar og selde ein Kvikklunsj og to til dei som ville ha sjokolade med seg på turen. Etter at dei som hadde gått turen kom i mål, anten ved Fjellstøl eller Opheim i Ølen, fekk dei premie for så mange gonger dei hadde gått. Alt frå bronse-, sølv- og gullmerke, til plakett og krystallvase. For dei som ikkje ville gå to mil på ski i snøvêret, kunne dei gå ein kortare tur på ei mil.
Tre godt vaksne menn frå Skjold, som representerte idrettslaget Skjoldar, såg fram til å gå Etnefjellsturen. Harald Egge var ein av dei. Han er ein aktiv mann som også har gått i den aktive klassen for nokre år sidan. Dette var den ellevte gongen han tok på seg skiene for å gå Etnefjellsturen. For Tor Vik var det fyrste gongen. Jan Haraldseid, som var den tredje i venneflokken, hadde gått tre gonger før. Dei tre mennene fortel at dei går ofte på ski, då dei har hytte i Svandalen. Ein skitur frå Saudafjella innover til Etnefjella, meiner dei er ein veldig flott tur.