Hus totalskadd i brann

Brannmannskap frå Vindafjord og Ølen fekk raskt kontroll over brannen. Då dei kom til staden, […]

Brannmannskap frå Vindafjord og Ølen fekk raskt kontroll over brannen. Då dei kom til staden, hadde flammane gripe fatt i begge etasjane i huset, som var eit vanleg trehus av ikkje heilt ny dato.
Fleire store brannbilar og to politibilar greidde å ta seg fram til brannstaden, som ligg langt oppe på den smale vegen frå Strandfeltet opp mot Lysenuten. Dette er heilt i sørenden av tettstaden Sandeid.
Politiet kunne søndag kveld ikkje seia noko om årsaka til brannen. I dag vil dei foreta tekniske undersøkingar på brannstaden, og vitneavhøyr.
Ingen personar kom til skade i brannen.