Husfred før samanslåing

Budsjettet for neste år er på sett og vis å gjere opp buet før samanslåinga […]

Budsjettet for neste år er på sett og vis å gjere opp buet før samanslåinga frå 1. januar 2006. Det er snakk om å sitje stille i båten og sørge for at den tar inn minst mogleg sjø. Kommuneskuta Ølen skal vere om lag som i år. Ein tre prosent sparekampanje vart sett i verk i andre halvår 2004. Likevel blir det nødvendig å bruke 1,2 millionar kroner av fond for å unngå fleire kutt neste år.
Rådmann uroa
På denne knivseggen er det ganske sannsynleg at det blir eit underskot i 2005, og at Ølen drar dette med seg inn i den nye kommunen. Det har Ølen til felles med Vindafjord som også vil dra med seg ein klamp om foten inn i ekteskapet. Rådmann Arild Karlsen kallar budsjettet for verken optimistisk eller pessimistisk, men han er uroa over at det ikkje blir gjort tiltak for å få økonomien i balanse. Det er eit uløyst problem som blir tatt inn i den nye kommunen.
Skule og veg
Også investeringane i Ølen kommune ligg i dødvatnet i innspurten av kommunesamanslåinga. Det er vel to millionar kroner ledige til å investere for, men prioriteringa av tiltak blir ikkje gjort før ut på det nye året.
Rådmannen vil prioritere heis på Ølen skule som har vore eit tema i mange år, men kostnaden er ikkje heilt klar. På denne lista står også ventilasjon ved Vik skule som både lærarar og elevar har venta lenge på. Rådmannen vil difor bruke ein million kroner til prosjekt på desse to skulane. I forslaget er 800.000 til asfaltdekke på vegen til Eikås og Apalvik på Bjoa, og 50.000 kroner til uteområde ved barnehagane.
I følgje ordførar Arne Bergsvåg er det neppe pengar til alt.