Rå kraft i finalen

Kvelden kom til å vere i Whitesnake sitt teikn i bluesteltet under avslutninga av Skånevik […]

Kvelden kom til å vere i Whitesnake sitt teikn i bluesteltet under avslutninga av Skånevik bluesfestival i går.  Ikkje fordi dei naudsynt
var det desidert beste bandet, men fordi eit slikt band unekteleg tar
mykje plass og energi. Taktikken med å feie med seg publikum med hjelp av rå kraft er velprøvd, og viste seg til å fungere bra også i Skånevik.Det var derfor ikkje berre enkelt for Omar & the Howlers å ta over scenaetterpå, men publikum viste seg frå sin beste side, og gav åretsavslutningsband velfortjent respons.
Med bortimot fullt hus også laurdag ligg det an til at festivalen endeleg har brote den magiske grensa med 10.000 publikummerar på festivalen.
– Dette er bevis for oss at me har lukkast med programvalet i år, seier ein tydeleg nøgd bluesgeneral Alf Christophersen, som understrekar at dei har vore opptatte av å feire jubileet med å kunne levera kvalitetsartistar.
– Me er ikkje så opptatte av å feira oss sjølve, då er det viktigare å
kunne gi endå betre konsertopplevelsar til publikummet, smiler
Christophersen.

 

Våt lunch

Mange hadde lagt turen innom Skånevik laurdag, og det var eit
yrande folkeliv kor ein snudde seg.Også denne dagen kom det regn til Blueslunchen, men i motsetning til fredag heldt det no ikkje med å søkja ly under ein teltduk. Regnet fossa ned med så stor kraft at siste nummer av formiddagskonserten måtte utsetjast, medan folk sprang av stad og søkte ly med det ein hadde for handa, alt frå stolar til reklamebannarar. Ei stund såg det nesten ut som at ein måtte kansellere, men til all lukke kunne Tutu Jones band, som hadde reist heilt frå Mississippi, få gjennomføre konsertsettet
sitt. Dette vart nemleg eit av dei musikalske høgdepunkta denne
formiddagen, med driv som kan måle seg med det aller beste.