Husvære styrkar eigenkapitalen

Styremedlem i Etne forbruksforening, Ole Martin Grindheim er ansvarleg for sal av to husvære på […]

Styremedlem i Etne forbruksforening, Ole Martin Grindheim er ansvarleg for sal av to husvære på toppen av det nye forretningsbygget i Etne ssentrum. Det er snakk om ei leilegheit på 95 kvadratmeter og ei på 98.
Grindheim fortel at det er fleire interessentar på banen for å sikre seg dei to attraktive husværa, som blir selt gjennom eigedomsmeklar.
— Ja, med den marknaden det har vore for å sikre seg husvære i sentrum, reknar eg ikkje med at det skal bli vanskeleg å selje dei.
Stor terrasse med sjøutsikt, gjer nok ikkje leilegheitene mindre attraktive, seier han.
Styrker kapitalen
Salssummen for husværa skal styrke eigekapitalen. For om lag halvt anna år sidan flytta Etne forbruksforening inn i eit nybygg knyta til den gamle butikken. Nybygget kosta omlag 7,5 millionar kroner. Forretningsbygget inneheld Spar butikk, post og kafe og manufakturforretning i første etasje, pluss sportsbutikk i kjellaren. Det er også to husvære i den gamle delen av bygget, som er utleigd.
Dagleg leiar Ole Mæhle legg ikkje skjul på at manufakturdelen ikkje er så lukrativ som ein kunne ønskje. Ved sida av manufaktur, er her også leiketyavdeling og avdeling for Jernia produkt.
— Men ting treng tid, eg synest det er for tidleg å gjere omfattande endringar endå. Eg meiner vi må sjå dette litt an. Kundane må få tid til å bli kjende med butikken og dei tilsette treng også tid. I dag har vi litt av kanskje for mange ting. På sikt kan det bli aktuelt å reindyrke dei varesortane vi sel mest av, seier han.
Han synest ikkje dette er rette tidspunkt å diskutere denne saka. Etter eit nytt rekneskapsår, vil ein vite meir.
— Vi har trass alt berre eit heilt rekneskapsår bak oss etter at nybygget vart tatt i bruk. Heldigvis er det mange ting vi kan gripe fatt i, seier han.
— Korleis går kolonialavdelinga?
— Her har det gått oppover for kvart år, likeins for sportsavdelinga i kjellaren, seier Mæhle.