Eg seier meg samd med leiaren i Grannar at det er godt at det ikkje er lokal sjølvråderett i saker som har regional eller nasjonal betydning. Då ein lett kan bli litt «himablinde».
Når det gjeld denne saka er det likevel ikkje slik at me var «himablinde» i lokalsamfunnet. Etne kommunestyre sa nei til utbygging, rett nok med ulike grunngjevingar frå dei ulike grupperingane.
Langfossen si framtid skapte eit stort lokalt og regionalt engasjement. I spissen for dette engasjementet stod Vernegruppa mot Saudautbygging, Naturvernforbundet, Haugesund Turistforening og ikkje minst den lokale aksjonsgruppa Langfossens venner, som samla 4800 underskrifter mot utbygging av Langfossen.
Miljøvernforbundet ved Kurt Oddekalv var ikkje sentrale i denne saka. I talen under avdukinga takka Kurt Oddekalv for det store lokale engasjementet, samstundes presiserte han at dette var ei sak han ikkje ville ta æra for. Honnør til Kurt Oddekalv for å æra dei som ærast bør.
Dette har ikkje Grannar fått med seg korkje i reportasjen eller leiaren i måndagsavisa denne veka.
Kanskje det er Grannar som er «himablinde» og som ikkje hugsar det store lokale engasjementet for å verne naturperla Langfossen?
Det er mange som fortener ei stor takk for denne sigeren.
Det er raust av ordførar Amund Enge å velje ein representant for naturverninteressene i val av talar til avdukinga, sjølv om representantar frå andre organisasjonar hadde vore unt denne æra. Ordføraren har som kjent vore ein ihuga talsmann for full utbygging.
Takk til ordførar Amund Enge som gjorde avdukinga til ein hyllest til vernevedtaket av Langfossen. Likevel størst takk til alle engasjerte sambygdingar, utabygdarar, organisasjonsfolk, sponsorar og politikarar som har sikra oss to Langfossar.
Siri Klokkerstuen