Hysekyss i Bilbao

Etnebuen og bergensaren Børretzen er plukka ut av Nordiska Akvarellselskapet til å delta i den […]

Etnebuen og bergensaren Børretzen er plukka ut av Nordiska Akvarellselskapet til å delta i den internasjonale akvarellbiennalen i Bilbao.
— Det er gøy å få delta. Eg malar vanlegvis ikkje så store akvarellar som ein må ha i denne utstillinga. Difor måtte eg male eitt nytt bilde med tanke på denne utstillinga. Seinare har eg laga fleire. 50×70 centimeter er stort for å vere akvarell, fortel ho.
Ho var på plass i Bilbao i går under opninga av utstillinga, og ho skal også delta på eit symposium om akvarellmåling. Utstillinga skal på vandring rundt i fleire spanske byar, og Børretzen får ikkje igjen bildet før ut i mars.

Malar tørrfisk
Akvarellen hennar har tittelen «Lets kiss» og er eit hysekyss. Børretzen har eit godt blikk for tørrfisk, og har måla over 30 bilde med dette motivet i løpet av snart tre år. I fjor stilte ho ut fleire slike bilde på ein fiskefestival i Genova i Italia. Der skal ho også delta neste år.
— Det starta med at eg fekk ein stokkfisk av svigermor. Den gapa til meg og var lageleg til ein dag eg var i det rette humøret. Dei er fine å male, og så kan eg setje dei inn i heilt andre situasjonar. Eit kyss til dømes, eller dans, seier ho.
Kunstnarar frå heile Europa viser akvarellar på denne utstillinga i Spania. Det blir delt ut prisar og diplom på biennalen, nesten som eit lite Europameisterskap. Dei tre andre norske utstillarane er Trond Einar Solberg Insteviken, Wenche Øyen og Knut M. Nesse.