I åkeren til bestefar

Ikkje alle har ein så triveleg sommarjobb som barnebarna til Ingebjørg og Sigfus Fossberg i […]

Ikkje alle har ein så triveleg sommarjobb som barnebarna til Ingebjørg og Sigfus Fossberg i Ølen. Kvar sommar har dei hjelp av barnebarn når det gjeld jordbærplukking. Og barnebarna som er i elden i desse dagar stortrivst med arbeidet. Helga (15), Ingebjørg (11) og Ivar (7) er på ferie frå Bærum, og Sunniva (16) har kome heilt frå Beijing for å feriere i Ølen.
Jordbæra blir plukka i korger kvar dag, fortel dei. Dei fortel også at det ikkje berre er jordbær dei plukkar, men også sniglar, som det er ein del av i jordbæråkeren.
Etterpå må bæra fortast råd ned til Ølen sentrum, der dei blir selde. Bord og stolar blir plassert strategisk til, og snart er dei første kundane på plass.
— Ja, mange ventar på at vi skal kome. Bæra går helst unna på kort tid, fortel dei.
Dette er ein kjekk sommarjobb, der dei også får friska opp språkkunnskapane sine. Dei fortel om mange utanlandske turistar, der fleirtalet er tyske.
Lite gift
Men noko av det gjævaste er nok lommepengane dei sikrar seg. Morfar betaler godt for hjelpa, meiner dei. Fire kroner for kvar korg dei plukkar, og tre kroner for kvar seld korg.
Sigfus Fossberg har 0,6 dekar jordbæråker. Han meiner plantene etterkvart begynner å bli gamle, men likevel er det ingenting å seie om årets avling.
Bognande raude og fine ligg dei langs sirlege raster. Han er stolt over å kunne fortelje at han bruker minimalt med gift for å berge avlinga. Når det gjeld jordbærplukkarane skryter han også uhemma.
— Dei er veldig flinke, og vi kosar oss saman, seier han.
— Han er verdens beste morfar, kjem det raskt frå eit av barnebarna.
Ikkje berre har dei ein kjekk sommarjobb. Dei kan også ete så mykje jordbær dei ønskjer, og dei forsikrar om at jordbær blir dei ikkje leie av.