I fakkeltog for skulen

«Rygg skule, denne skulen er bra, denne skulen vil me ha. Hurra, hurra», ljoma det […]

«Rygg skule, denne skulen er bra, denne skulen vil me ha. Hurra, hurra», ljoma det utanfor Tinghuset måndag kveld då dei politiske partia var på veg inn til gruppemøta sine. Foreldre og ungar hadde møtt opp mannssterke for å markera kva dei meiner om forslaget om nedlegging av Rygg skule og barnehage.
Søskenparet Helene (7. klasse), Silje (5. klasse) og Jørgen Fosse (1. klasse) var alle engasjerte deltakarar med klare meiningar.
— Me vil ikkje at dei skal legga ned skulen vår for den er så kjekk. Det er kjekt å kunna gå i skogen kvar dag og bygga hytte, seier Helene.
— Trur de politikarane høyrer på dykk?
— Dei tenker sikkert berre på å få pengar i den statskassa, men eg håper det, seier Silje.
Ragnhild Grindheim (5. klasse) meiner det er fint å starta litt mjukt når ein er førsteklassing.
— Ungar som byrjar i 1. klasse bør ha ein liten skule. Eg synest det er best å byrja på ein liten skule og så komma på ein stor, seier Ragnhild Grindheim.
Ho er bekymra for at lærarane får mindre tid til elevane på ein større skule.
— Det blir for mange elevar på Enge og då får ikkje læraren tid til kvar elev. Ein lærar skal ha masse tid til elevane. Rygg er den beste skulen i verda og det er mange koselege lærarar der, seier Ragnhild.
Måndag overleverte FAU ved Rygg skule eit brev til politikarane der dei kjem med ulike forslag til nedskjeringar i staden for å legga ned Rygg skule.
— Dei har sett Rygg opp mot rammetimetalet og me veit at det går mest utover Enge. Politikarane må finna andre ting å spara på. Dei må legga kulturhuset på is og ikkje flotta seg med slike statussymbol når bygdene lir, seier Reidun Sande.
FAU foreslår blant anna at kommunen ikkje investerer i ny lastebil, utgreier sal av jordbruksskulen og utgreier sal eller alternativ bruk av Bygdesenteret.