I kø for kubbespel

Vêrmeldingane var blanda og Grannar sin sommarpatrulje var litt usikker på om nokon som ville […]

Vêrmeldingane var blanda og Grannar sin sommarpatrulje var litt usikker på om nokon som ville koma då det regna som verst. Men etter å ha rigga opp standen på campingplassen i Kvaløy, kom ungane springande og det var snart lang kø framfor kubbespelet. Eit kvart hundre deltakarar fekk lodd etter å ha prøvd kubbespelet og var med i trekninga om heile spelet. Den som klarte å få ned flest kubbar vann ein frisbee.
Etter stoppen i Kvaløy, gjekk turen vidare til Vikedal i ausande regn. Men i Vikedal kom sola tilbake, og då kom det også folk. Turistar og vikedølar fekk kasta fem pinnar på fem kubbar. Men det var ingen som fekk ned alle fem, det skal ikkje vera altfor lett heller. Ottar Andreassen frå Vikedal prøvde titals gonger på å få ned alle fem, men det gjekk ikkje. Men flaksen fekk han etterpå, då loddet hans vart trekt og han kunne gå heim med kubbespelet i premie.
Sommarpatruljen slutta av i Sandeid, men der var det ikkje mange som hadde fått med seg at Grannar var på hjul. Men postkort og aviser vart delte ut til dei som kom forbi.
I dag (torsdag) vitjar Sommarpatruljen Åkrafjordtunet på Teigland og Skånevik og Etne sentrum. Med seg i bilen har patruljen aviser, postkort og frisbee. Og så vert det konkurranse i kubbespel, der alle kan delta. Dersom du har eit ekstra stort jordbær, ein sjeldan fisk eller noko anna rart, kan du ta det med og du får ein frisbee i premie.