I kø for kulturskule

— Det har vore kolossalt mykje arbeid sidan eg starta i stillinga som rektor i […]

— Det har vore kolossalt mykje arbeid sidan eg starta i stillinga som rektor i Ølen og Vindafjord kulturskule i februar, men no byrjar eg å sjå lyset i tunnelen att, seier ei hektisk Anne Kristine Andersen.
Ved ei slik massiv omorganisering, som det er å slå saman to kulturskular til ein, er det å fletta saman administrasjonane og å halda seg til to budsjett, det som har vore vanskelegast, i følgje Andersen.
— Det har vore tøft og er det til dels enda, men eg er overbevist om at når alt kjem på plass ved nyttår, blir situasjonen ein heilt annan, seier ho.

Stor interesse
I desse dagar er det ca 70 elevar som står på venteliste. Tretti av desse kan få tilbod i kulturskulen, berre ikkje fyrstevalet sitt. Då står ein att med 40 born som står heilt utan tilbod.
— Ventelistene er eg overbevist om vil krympa betydeleg når me får effektivisert ordninga. Eg ser for meg at me i framtida vil få meir tenester for pengane no som me er slått saman, seier Anne Kristine Andersen.

Internasjonal arbeidsplass
Kulturskulen i Ølen og Vindafjord har til saman 17 lærarar, med om lag sju årsverk.
— Me har ein svært internasjonal stab. Russland, Polen, Sverige, Danmark, England og Noreg er representerte i staben vår, seier Andersen.
For tida arbeider rektoren mest med å koordinera og få tilboda ved skulen best mogeleg tilpassa begge kommunane.
— Tilbodet i Vindafjord har vore redusert. Dei har hatt opplæring i få instrument og veldig lange ventelister. Det har til og med vore så gale at fleire har gitt opp å få plass. Vindafjord kjem difor best ut av samanslåinga, medan kulturskulen i Ølen, som har hatt eit godt tilbod, kanskje vil oppleva ein tilbakegang, seier ho.
Sjølv om omleggingsfasen kan vera noko vanskeleg for både brukarar og tilsette, ser Anne Kristine Andersen lyst på framtida.
— Eg er overbevist om at me kjem til å få ein flott kulturskule, med breitt fagmiljø og stor kompetanse, seier ho.
Per dags dato er det dans, drama, instrumental opplæring på alle instrument, video og film og visuelle kunstfag, som står på menyen til kulturskulen. I framtida vonar rektoren og å kunna tilby skrivekunst.