— Det var like forhold for alle, men for oss frå Vestlandet var det veldig uvant å løpe på skogsstiar med krav til stort tempo framfor å slite i myrer og vått terreng, fortel han.
O-festivalen er Noregs klart største konkurranse. I helga var det over 3000 deltakarar på festivalen som denne gong gjekk i nærleiken av Gardermoen.
— Ved sida av Hovudløpet (NM for yngre) er dette sesongens viktigaste konkurranse for meg, seier Einar Marius Hjellestad Martinsen, som var vel tilfreds med 16. plass fredag.
— Dette var første gong eg var med under O-festivalen, og til hausten debuterer eg under Hovudløpet i Trøndelag, fortel han.
Fredag viste Einar Marius at han ikkje er veldig langt bak dei aller beste.
— Det var eit bra løp. Laurdag blei det for mykje bomming, og då gjekk også konkurransen i eit helt anna terreng som ikkje favoriserte oss frå vest, seier han. Det store målet under Hovudløpet er å få ei plassering rundt den på fredag.
— Nesten alle av dei beste er med på O-festivalen, men eg innbiller meg at det kanskje er litt tøffare i Trøndelag, så ein plassering blant dei 20 beste der oppe er eg veldig fornøgd med, seier Einar Marius, som stort sett er nummer tre i krinsen. Saman med Glenn Tore Løland frå Sauda er han den beste nord for Boknafjorden.
Lite lokalt
Det var berre tre lokale løparar under helgas konkurransar. Alle frå Vikebygd. Jon Magne Svendsbø blei nummer 14 i herrar elite 2 fredag. Ei brukbar plassering, men også han gjorde det vesentleg dårlegare laurdag. Einar Martinsen fikk ein 16. plass som beste enkeltresultat i menn over 40.
— Vi har rimeleg bra rekruttering i klubben, og det er vanlegvis god deltaking på våre tysdagsløp heime, der også løparar frå Ølen, Vindafjord og Haugesund er med. Det var likevel berre oss frå Vikebygd av dei heilt lokale som stilte denne gong, seier Einar Martinsen. I Vikebygd er det rundt 30 aktive o-løparar.
— Rundt halvparten heilt unge, dei fleste andre er veteranar, fortel Martinsen, som presiserer at det er heller tynn deltaking i senior.
Vi pleier likevel å delta under stafetten på hovud-NM. Blir Jan Frode Seim kvitt sin skade stiller vi under hovudmisterskapet i år også, avsluttar han.
I rygg på noregseliten
— Det var like forhold for alle, men for oss frå Vestlandet var det veldig […]