I tog for trygg veg

Maria Fjeldheim og Anne-Marit Aase bur ikkje så langt frå kvarandre, men likevel har foreldra […]

Maria Fjeldheim og Anne-Marit Aase bur ikkje så langt frå kvarandre, men likevel har foreldra tidlegare måtta skyssa dei når dei har besøkt kvarandre.
— Me måtte bli kjørte fordi det var så farleg å gå på vegen, seier Anne-Marit. Nå kan jentene gå på eiga hand, utan at foreldra treng bekymra seg for bilane.
— Det er så bra at me kan gå til venninnene våre, seier Maria Fjeldheim (9).
— Ja, og nå kan me sykla til butikken og til skulen, seier Anne-Marit Aase (8).
I går hadde dei møtt fram med norske flagg. Saman med sambygdingar og prominente gjester feira dei 1150 meter med ny Europaveg og 1150 meter gang- og sykkelsti.
Mødrene til Maria og Anne-Marit, Marit Ribestad Fjeldheim og Dyveke Aase, kan pusta ut etter å ha fått ein tryggare veg. Dei har knapt tort å gå langs E 134 og har brukt bilen berre dei skulle eit par hundre meter.
— Eg har gått tur og kjent at bilane har sneia borti meg. Dette er ei heilt ny verd. Nå kan eg gå til naboen, eta pizza, ta meg ei øl og så gå heim igjen. Barna kan sykla eller gå til kvarandre utan at me må kjøra dei over alt, seier Dyveke Aase.
Stor dag
Statens vegvesen har brukt ganske nøyaktig eitt år på anleggsarbeidet.
— Anlegget er kanskje ikkje så stort, men det er ein stor dag for trafikantane og bebuarane langs strekninga, sa Tor Kåre Austerheim, byggeleiar i Statens vegvesen.
Ordførar i Vindafjord, Reidar Håvås, la vekt på at den nye vegen ikkje berre er viktig for lokalbefolkninga.
— Det er ein stor dag for dykk som bur langs strekninga, men òg for folk rundt om i kommunen og for heile Haugalandet, sa Håvås til dei frammøtte då han klipte snora i avkjørsla ned til Lie.
— Dette må innebera eit nytt liv i forhold til tryggleiken for dei som bur her, både for vaksne og born. Bilistane slepp å kjøra på ein svingete veg og bebuarane har fått trygge avkjørsler, seier Håvås til Grannar.
Gratulantar i kø
Familien Wannberg har stått i bresjen for arbeidet med den nye vegen. I går stod glade naboar i kø for å gratulera Bjørn Wannberg.
— Dette er ein merkedag. Nå kan me gå til naboane i staden for å berre helsa på dei når me kjører i bil, seier Bjørn Wannberg i Veggruppa i Erslandskrinsen Bygdalag.
Ungane sine syklar har stått hos besteforeldra på Liaheia der gang- og sykkelstien starta før den nye kom. Nå kan Wannberg ta dei heim. I november skal også gang- og sykkelstien gå heilt bort til Kalvaland, der familien Wannberg bur.
— For oss er dette stort og me ventar veldig på dei siste 500-600 metrane med gang- og sykkelsti, seier Wannberg.
Etter vegopninga spela musikkorpset og dei frammøtte marsjerte bort til Ersland bedehus. Der samla om lag 110 personar seg til festleg lag, matservering og talar.