GJØVIK: — Dette er eg strålande nøgd med. Om det blir VM-plass eller ikkje, vil berre tida vise. Eg gjorde ein glimrande sportsleg prestasjon, og dette er nok utan tvil det beste rennet eg nokon gong har gått, seier Thomas Vestbø.
Den norske VM-troppen blir truleg klar måndag. Noreg sender seks herreløparar til VM. Øyvind Glørsen ligg veldig bra an med åttandeplass på 15 km torsdag. Ole M. Back som var tre i helga, og Niklas Dyrhaug som og var framfor Thomas laurdag, ligg og godt an. Eirik Kurland Olsen blei slått av Vestbø i helga, men han gjekk godt før jul.
— Eg ligg heilt i grenseland. Det som er heilt klart er at det er eit VM-program som passar meg, seier Vestbø.
I meisterskapen i Frankrike står både duathlon (30 km) og 15 km fristil på programmet.
— Det er begge øvingar som passar Thomas, seier landslagstrenar Roar Hjelmeset som bur på Hovden der Thomas gjekk tre år på skule. Bror av den meir berømte Oddbjørn Hjelmeset var då lærar på skigymnaset.
— VM-programmet i år passar meg som hand i hanske. Det blir ikkje like bra neste år når distanserennet i fristil blir bytta med klassisk, seier Thomas Vestbø, som presiserer at duathlon ligg fast.
Rullegardina ned
Vestbø var rundt nummer 25 ved skibytte (etter 15 km klassisk) i helga. Vindafjord-guten opna hardt, og han var ei stund på topp ti i fristildelen.
— Eg fekk det frykteleg mot slutten. Frå den siste kilometeren huskar eg nesten igjen ting. Då gjekk eg med rullegardina nede, seier Vestbø som her mista fleire plasseringar.
— Sjølv om eg ikkje fullførte på same vis som eg starta i helga, var dette ein god sportsleg prestasjon. Her var alle dei beste med. Breidda er stor i norsk herrelangrenn, understrekar Thomas som vart 22 på 15 km fristil i fjor. Då var han framleis junior.
Thomas er mykje betre i fristil enn i klassisk. Difor var han nøgd med å vere rundt 25 ved skibytte på laurdag.
— Eg hadde gode klassisk ski, og eg gjorde det overraskande bra på den klassiske delen, seier Thomas som blei nummer 66 på tilsvarande distanse på torsdag.
— Då gjekk eg eit teknisk elendig løp. I dag var det mykje betre, seier han etter fantomløpet laurdag.
— Her har eg noko å jobbe med. Eg er frykteleg ustabil i klassisk. Det går bra rundt annakvar gong, medan eg er langt meir stabil i fristil, seier han og understrekar at han er klar over problemet.