Idol-jentene våre

Same korleis det går vidare i Idol for dei to Sandeid-jentene, har dei alt vist […]

Same korleis det går vidare i Idol for dei to Sandeid-jentene, har dei alt vist at dei er vinnarar. Ikkje berre for at dei har komme så langt som til semifinale og finale, men for at dei har klart det enorme presset. Det er ikkje berre å prestera framfor eit kritisk dommarpanel, pluss ein halv million TV-sjåarar.
Det gjeld ikkje berre for Mari og Maria, men også alle dei andre Idol-deltakarane. Smilande har dei tatt imot både ros og slakt for open TV-skjerm. Det skal litt av ein psyke til for å klara det. Om ikkje for anna så er ei Idol-deltaking noko å skilta med på CV-en.

Det har vore sagt mykje om Idol. Både om heile konseptet og ikkje minst om dommarane, som har fått mykje kritikk. Hadde det ikkje vore for våre to Sandeid-jenter, hadde me nok vore meir kritiske til programmet me òg. Me er ikkje dummare enn at me ser at det ikkje er bygd på idealistisk grunnlag. Idol er reinspikka butikk og er blitt ein enorm pengemaskin for TV2.
Men me kan ikkje underslå at det er eit svært populært program blant dei unge. Det har derfor vore litt artig å sitja i lag med ungdommane våre og trykkja på mobilen og stemma på våre felles favorittar.
Nå kryssar me fingrar og alt me har for at det skal gå bra for våre idol i dei neste programma. Me ser ikkje bort frå at årets Idol-vinnar kjem frå Sandeid. Lykke til vidare!