— Etter at alle domarane trudde at Ali (Alejandro Fuentes) og eg kom til å gå vidare, ville det nok vorte ein aldri så liten nedtur om så ikkje hadde skjedd. No gjekk det heldigvis som dei spådde, og eg veit eigentleg ikkje kva eg skal seia. Anna enn at eg gler meg veldig til fortsetjinga. Skal bu hjå søstera mi, Kjersti, fram til torsdag. Då reiser eg heim ein kjapp tur, før eg må vera på plass att i hovudstaden laurdag, fortel ei smørblid og finaleklar Mari.
Tabloid skryt
Tidleg laurdag ettermiddag hadde 17-åringen frå Sandeid allereie gjort unna eit par avtalar, i tillegg hadde ho hatt gleda av å lesa dei store laussalsavisene.
— Utruleg moro at eg får så mykje skryt. Terningkast fem både i VG og Dagbladet varmar ekstra godt. At det i tillegg vert gjort mykje ut av kommentarane eg fekk frå Ole Evenrud, er sjølvsagt også veldig moro. No får me berre sjå kor langt det rekk. Det blir nok mykje Idol og lite Ølen vidaregåande skule i tida som kjem.
Venninne «manager»
Då VG spurde Mari Vestbø ein del kjappe spørsmål, var eitt av dei kven som er den viktigaste personen i livet hennar. Svaret var ikkje heilt overraskande bestevenen Monica Isaksen frå Vikedal.
— Ho er manageren min, skryt Mari, like etter at duoen hadde sjekka ut frå Stefan Hotel, rett attmed Tinghuset. Og Monica kan ikkje anna enn å takka for tilliten.
– Det var heilt utruleg i går. Me var dødsnervøse før røystinga. Håpa og håpa, og då Patrick vart utpeikt som tredjemann, visste me at det ville gå vegen. Ho gjorde ei strålande framføring av Scissor Sisters´ «Laura», og no trur eg alt kan henda. Herleg å ha ein slik artist i «stallen», smiler jenta som går på mediefag på Karmøy.
Men som garantert kjem til å vera ein del i Oslo denne seinvinteren og våren.
Autografskriving
Fredag kveld og natt måtte andreplassen og avansementet i Idol feirast. Manageren fortel ivrig om det som møtte Mari på byen.
— Ho kom gratis inn, og ingen spurde etter alderen. På den eine staden vart ho meir eller mindre omringa av folk som ville ha autografar. Både her og der. Me var ikkje i seng før i tre-tida, men vakna likevel rimeleg tidleg i dag.
Gul t-skjorte
Under direktesendinga frå TV2 sitt studio i Nydalen fredag kveld, var også ei stolt og glad Bjørg Lise på plass. Mor til Mari hadde på førehand sagt klart frå om at familien sin Idol-deltakar ikkje måtte ta på seg den gule t-skjorta, den holete dongeribuksa og dei raude skoa. Men å fortelja ein 17-åring slikt, er som dei fleste mødre sikkert veit null verd. Og Mari gjorde sjølvsagt det stikk motsatte av det mora håpa på. Ikkje minst gjorde den gule t-skjorta med trykket 1. Halden speidergruppe på, stor suksess. Ole Evenrud er som kjent frå Halden, og ja han hadde vore medlem av nett denne speidargruppa i tre år.
Stolt søster
Storesøstera til Mari, Kjersti, var også på plass under Idol-programmet. Saman med typen og venene sine.
— Me var heilt skjelvne etterpå. Eg er utruleg stolt over søstera mi, seier Kjersti, som sjølv har vore med på mykje spennande i Oslo dei siste åra.
Mellom anna har ho vore ein mykje nytta modell, og har også delteke i fleire musikkvideoar. Grannar møtte ho saman med Mari og Monica på den populære utestaden Coma på Grünerløkka, der ho no jobbar.
— No får me berre kryssa fingrane for fortsetjinga, så mykje at eg kan sola meg i glansen i lang tid frametter, gliser den fem år eldre storesøstera.
Girlpower
Sjølv om det enno er mest to veker til Mari på ny skal i elden, manglar det ikkje på oppdrag og avtalar dei to neste vekene.
— Allereie sundag og måndag ventar vekeblada Her og Nå og Se og Hør. Sistnemnde har også samla to andre finaleklare jenter, Jorun Stiansen og Andrea G. Brændvik til fotoopptak. Med eigen stylist og mykje tøffe klede. Det gler eg meg til, seier jenta som i gårsdagens VG vart presentert over fire sider.
Den største avisa i landet har fotfølgd den no finaleklare Idol-deltakaren både i Sandeid, Ølen og Oslo. Ingen tvil om at ho har appell og interesse langt utover kommunegrensene.
PS! Alt onsdag er det Maria Toresen frå Sandeid (19) sin tur til å konkurrera om ein plass i finalegruppa. Etter det Grannar kjenner til skal også ho synga som den siste av dei ti semifinalistane. Akkurat som Mari gjorde fredag. Me seier ikkje meir.
— Eg ønskjer av heile mitt hjarta at også Maria skal gå vidare. Det hadde vore utruleg kjekt, seier Mari Vestbø, som kryssar fingrane og håpar at folk lokalt er minst like flinke til å røyste på den andre Sandeid-jenta.