Idoleventyret ute for Mari

— Då eg høyrde meg sjølv på reprisen i dag, må eg berre seia at […]

— Då eg høyrde meg sjølv på reprisen i dag, må eg berre seia at det eg presterte rett og slett ikkje var godt nok. Men eg fortvilar ikkje. Dette har berre vore ei heilt fantastisk tid.
Etter å ha teke den triste sortien med stor fatning, har Mari allereie byrja å leggja planar for korleis ho skal ta seg tilbake til rampelyset.
— Eg har fått veldig mykje inspirasjon gjennom opphaldet mitt her austpå. Er meir enn klar til å gå i gang med å skriva låtar. I tillegg skal eg bli skikkeleg god på gitar. Men aller først må eg vel ta i eit krafttak på skulen. Synd å seia at eg har fått halde meg særskilt a jour under eksiltilværet her austpå, smiler Mari.
Rocka godjente
Minna er mange, og då Jorun og Christian kasta seg om halsen hennar, klarte heller ikkje den tapre rockejenta å halda tårene attende. Men sjølv om det var tungt og vondt der og då, var smilet og det gode humøret raskt attende. Og det skulle jo eigentleg berre mangla.
— Eg har nok fått maks ut av Idol. Det har sjølvsagt vore ein pes og stress, men du verda kor moro. Eg har fått vener for livet. Samstundes har eg også fått ein solid smakebit på kva det vil seia å vera kjendis for ein periode. På godt og vondt. Eg tykkjer det har gått veldig greitt, og eg har heile vegen klart å vera meg sjølv, seier den av årets Idol-deltakarar som har skilt seg ein smule ut frå dei andre. Men bak den noko rocka innpakningen, har tv-publikum, konkurrentar og domarar fått oppleve ei jordnær og utruleg sympatisk jente frå Sandeid.
Pappa på plass
Denne gongen var det berre pappa Terje og storesøstera Kjersti frå familien som var på plass i tv-studioet i Nydalen, då Mari framførte «Keep Me Hanging On» av Kim Wilde.
For tredje gong under Idol-finalane hamna ho i stolen.
— Sjølv om domarane sa at eg var betre enn sist, hadde eg ikkje så veldig store ambisjonar om at eg skulle redda meg unna nok ein gong. Sjølvsagt trist at det er over, men det hadde det også vore om nokon av dei to andre hadde roke ut, meiner Mari.
Mjuk overgang
Men tru no ikkje at Mari tok første fly heim. Ho ventar faktisk heilt til neste helg med å reise.
— Livet som Idol-artist er nemleg ikkje heilt over. Absolutt Underholdning vil ha meg i studio på måndag. På tysdag har eg takka ja til eit opplegg med dyrevernorganisasjonen NOA. Fredag har ein av hovudsponsorane våre, Sunsilk, tromma saman til Idol-konsert i Langesund. Der er det berre oss utslegne som skal vera med, og dei har lova oss bra betaling, smiler 17-åringen. Men etter det må skulen få all prioritet i ein periode.
— Eg håpar eg kan returnera til Ølen og ta opp att livet mitt slik det var før Idol-perioden.
Var lei seg
Ein av Mari Vestbø sine største fan har vore Idol-domar Ole Evenrud. Han uttalte i ein tidleg fase av årets konkurranse at han gjerne ville hjelpa ho med ein platekontrakt.
— Eg prata ein halvtimes tid med han etter det som skjedde på fredag, og kom heilt klart styrka frå den samtalen. Han meinte faktisk at det var bra at eg rauk ut no, og at Idol-stempelet dermed ikkje ville verta hengande med meg for resten av livet. Eg vil jo helst satsa på rock, og Idol er nok meir pop. Ole var framleis svært positiv til å hjelpa meg vidare. No må eg berre få på plass eit skikkeleg band og nokre gode rockelåtar. Går det bra, vil eg nok ta turen til Ole i Sarpsborg for å spela inn ein demo og to.