I både Vindafjord og Etne har dei fleste kommunale bygg fått fibertilkopling. Når ein har ei slik tilkopling kan ein sjå på tv, ha ei rask internettilkopling og ha rimelegare telefoni, alt frå same kabel.
Begge kommunane seier seg nesten ferdige med den kommunale utbygginga av fibernettet, men ikkje heilt. Det er framleis fleire kommunale bygg som ikkje har blitt tilkopla det hastige nettet.
I Vindafjord kommune manglar skulane Imsland og Vik fibertilkopling, men den kjem til hausten. I Etne kommune manglar ein fibertilkopling i Åkrafjorden, difor har ikkje Fjæra skule fått noko slikt tilbod ennå.
Tilbod til dei fiberlause
For privatpersonane er ikkje prosessen på langt nær ferdig. Skånevik Ølen Kraftlag, Haugaland Kraft og Etne E–lag er dei som kan tilby fibertilkopling til både private og bedrifter i vårt distrikt. Det er likevel ikkje alle som får eit slikt tilbod i næraste framtid. Jan Vinje i Etne kommune fortel at kommunen arbeider med å gje dei som ikkje får tilbod om fiber eit anna tilbod.
— Me har hatt ein tilbodsrunde i kommunen, difor er dette eit arbeid me ikkje har kome skikkeleg i gong med ennå. Planen er at alle telefonsentralane skal oppgraderast slik at me vonar å tilby ADSL til dei som ikkje kan få fibernett, seier han. Han må likevel innrømma at han tviler på at alle får breiband innan utgongen av 2007 slik regjeringa har presentert.
— Her må ein spørje, kva er definisjonen på breiband? Det er ikkje vanskeleg å gje heile kommunen internettilkopling, men kor lite hastig kan nettet være før dei ikkje kallar det «breiband»? Eg er sterkt redd for at dei like godt kan meine «smalband» i sin definisjon, og på den måten gjere det enklare å nå sitt mål. I Etne kommune vonar me at me kan gje dei fleste eit tilbod om hastig Internett, men eg tvilar på at alle får breiband før 2007, fortel Jan Vinje.
Kvite flekkar på kartet
Karl Berge, IKT–sjef i Vindafjord kommune, er òg skeptisk til regjeringa sine lovnadar og definisjon på breiband.
— Eg tvilar litt på at alle får tilbod om høghastig Internett med det første. Det vert slike «kvite flekkar» på kartet, fordi me bur så spreidd i kommunen. Dei kommersielle aktørane må sjå kvar dei ikkje tapar på å byggje ut, seier han.
Ein har forskjellige som kan tilby Internett som er rakare enn ISDN fart. Akkurat nå er det fibernett som er det raskaste ein får tilbod om i dette distriktet. Men ein har og trådlause moglegheiter som til dømes ICE.
— Desse har ikkje den same farten og moglegheitene som fibernettet kan tilby, så kva regjeringa definerer som breiband er usikkert, legg Berge til.
Pengane i botn
I Vindafjord har alle kommunale bygg fått fiberkabel, Ilsvåg får til hausten.
— Kvar bygd har fått fiber, det er berre opp til dei kommersielle aktørane å sjå kvar dei vil byggje ut, og til kven. Me som kommune har ikkje uavgrensa med midlar å gå inn med, det er jo pengane som ligg i botn. Eg vonar jo at Haugaland Kraft og SØK, som er hovudaktørane i vår kommune, fortsett å byggje ut fibernettet. Fylkeskommunen er òg inne i bildet når det gjeld støtte, så me får berre sjå, fortel han.
Alle telefonsentralane er oppdaterte, untatt Ilsvåg som står for tur.
Ikkje alle får breiband
I både Vindafjord og Etne har dei fleste kommunale bygg fått fibertilkopling. Når ein har […]