Som eg skreiv ringte eg til Etne sjukeheim og høyrte om dei skulle ha noko feiring for dei eldre i Etne på nyttår, det fekk eg eit negativt svar på. Kva er føremålet med å fortelja meg på telefon at det ikkje var planlagt noko som helst for dei eldre når dei gjer det motsette?
Om nokon på Etne sjukeheim kjenner at eg har trakka dei på tærne, så var aldri det meininga. Mitt neste spørsmål er: Kvifor vart ikkje dei eldre som bur i omsorgsbustadane invitert bort til sjukeheimen på nyttårsaftan for å få vera med på det kjekke som skjedde der? Eg tenkjer spesielt på dei som ikkje har pårørande, eller dei som berre har slekt langt vekke i frå Etne. Kven har ansvaret for at desse også får vera med på arrangement for dei eldre på spesielle dagar? Eg trur dei som bur i omsorgsbustadane har like stort behov for eit slikt tilbod som dei som bur på sjukeheimen.
Turid Rafdal