Jo, eg vaknar te fuglekvitter og sol, og når eg kikkar ner på fotballbanen, kva ser eg der? Jo eg ser: åsja ette bålet eg sleit med å stedla i stand! Her har altså vore nokre jyplingar, vandalar, eller travar om du vil, og tent på bålet. Det var fukt i veen, så dei brukte truleg tennveske. Dette er eit gedigent irritasjonsmoment. Denne handlinga har gjort valdtekt på alle bålentusiasters kjensler, bl.a. kåno og ikkje mist ungane. Erik Bye seier i ei av bøkene sine at ein skal sjå på sin verste fiende som sin største læremeister. I og med at eg ikkje kjenner desse luringane, kan eg ikkje seia at desse er mine fiendar. Dei kan vera nokre trivelege karar for alt det eg veit. Men her har dei gått for langt og på den måten er dei mine læremeistrar. Sjøl ein rørleggar må stundom sparkja fot onna presten, jedna med nåtto te hjelp. Sko ikkje hesten før måka flyg austøve.
Ellers vonar eg adle på Kambe ei fin St. Hans-feiring.
PS: Hovmod står for fall.
Nils Amund Moe