Ikkje midlar til utbetring

Berre flaks gjorde at ingen kom til skade i raset. — Denne gongen var me […]

Berre flaks gjorde at ingen kom til skade i raset.
— Denne gongen var me heldige. Etter det eg har høyrt ramla steinblokka ned mellom ein buss og ein personbil, seier ordførar Amund Enge i Etne.
Steinblokka rasa ned onsdag ettermiddag kl. 16.40 og vegen var stengt fram til kl. 19.30.
Raset er det tredje på Norheimsstranda sidan september i fjor.
— Heile denne strekninga er utsett for ras. Spesielt når det er så dårleg vêr som onsdag med mykje regn, seier ordføraren.

Ikkje prioritert
I handlingsplanen til Statens vegvesen fram til 2010 er ikkje utbetring av vegen på Norheimsstranda med. Først på lista står utbetring av Skånevikskrysset.
— I handlingsplanen som nå gjeld finst det ikkje midlar til tiltak til ny veg på Norheimsstranda, seier Lars Øyre, distriktsvegsjef i Statens vegvesen Haugaland og Sunnhordland distrikt.
— Viss det viser seg at det er rasfare, vil eg gjerne sjå den byråkraten i fjeset som seier nei til ekstra midlar, seier Enge.
Han meiner dei må prøva å sikra vegen på ein eller annan måte, men før ordføraren gjer noko meir, vil han drøfta aktuelle tiltak med vegvesenet.
— Saman med vegvesenet skal me få dette til å bli ei trygg strekning, men nokon må hjelpa oss med ekstra midlar, seier Enge.

Problemområde
Denne veka kjem geolog til Stordalen for å vurdera faren for nye ras.
— Me må få ei vurdering av ein geolog for å sjå på kva som kan vera aktuelle utbetringar og med bakgrunn i det konkluderer me med kva tiltak som må setjast inn, seier distriktsvegsjef Øyre.
Nils Roar Holgersen, byggeleiar ved Statens vegvesen Haugaland og Sunnhordland distrikt, var torsdag på synfaring på staden. Han meinte det ikkje såg ut som at fleire ras ville bli utløyste av steinblokka.
— Heile Stordalen er eit problemområde. Skal ein sikra det, må ein laga tunnel, seier han.
Det finst ingen planar om å legga Norheimsstranda i tunnel.
Jon Magnar Jensen arbeider i Mesta og meiner også at det er vanskeleg å få Nedre Norheimsberget 100 prosent sikkert for ras.
— For 24-25 år sidan utvida me vegen og laga ein trasé på utsida. Der burde det vore pussa til i kvar ende. Då kjem ein seg bort frå rasområdet. Det er ikkje noka stor sak, men det kostar pengar, seier Jensen.
Lars Øyre kjenner ikkje detaljane i denne saka og vil difor ikkje uttala seg.