Ikkje namnet i avisa

Då kan jo nokon sjå at dei snusar på ny jobb. Noverande arbeidsgivar kan ta […]

Då kan jo nokon sjå at dei snusar på ny jobb. Noverande arbeidsgivar kan ta signalet om at vedkommande er på veg bort. Og dersom dei meiner alvor med søknaden sin, så er dei jo det. Men det skal altså verken arbeidsgivar eller andre «som ikkje har noko med det», bry seg om. Det skal vera ein løyndom mellom søkjar og arbeidsgivar.

Det er akseptert når arbeidsgivar er ei privat bedrift. Sjølv om det nok kunne vore interessant å sjå kven som søkjer toppstillingar i lokale bedrifter, kjem søkjarlister der innunder interne opplysningar.
Men i dette tilfellet er det ein kommune som søkjer toppleiar. Då er det andre reglar som gjeld. Kommunane er underlagt offentlegheitslova. Og ikkje berre det. Kommunane har også meir offentlegheit etter offentlegheitslova å halda seg til.

Etne kommune med ordførar Amund Enge som talsmann godtar at over halvparten av søkjarane ikkje vil ha namnet sitt offentleg kjent. Ordføraren har ingen motførestellingar til at det er søkjarane til rådmannsstillinga som skal avgjera om Etne kommune skal fråvika offentlegheitslova og ikkje følgja prinsippet om meir offentlegheit. Det at innbyggjarane i hans eigen kommune har rett til innsyn i søkjarlista, bryr han seg mindre om.

Etne kommune er ikkje aleine om å halda søkjarlister til toppleiarar i kommunane skjulte for folket. Det er fleire andre kommunar som har prøvt seg. Men etter klage frå mellom andre aviser og kringkasting, har klagarane fått medhald, anten frå fylkesmannen eller ombodsmannen på Stortinget.
Med dagens aksept til innsyn i offentleg forvalting, burde det ikkje vera nødvendig å gå om fylkesmann og storting for å få kjennskap til kven som søkjer rådmannsjobb i ein kommune. Det at søkjarar, i Etne sitt tilfelle også fleire med erfaring som rådmann, signaliserer ei negativ haldning til openheit overfor innbyggjarane i kommunen, burde uroa fleire enn oss.