Ikkje råd til organist

— Sidan Solveig Sørheim ikkje er ferdig utdanna, har me fått redusert lønnsutgiftene såpass at […]

— Sidan Solveig Sørheim ikkje er ferdig utdanna, har me fått redusert lønnsutgiftene såpass at me i fjor gjekk i balanse i rekneskapet. Hadde me hatt ein fullt utdanna organist i stillinga, hadde me kome bakpå økonomisk, seier Liv Tungesvik i Etne Kyrkjelege fellesråd.
Organist Solveig Sørheim vert i stillinga til og med august. Kva som vil skje etter august, er heilt i det blå då det ikkje er budsjettdekning for utdanna organist i full stilling.
— Kan det etter den tid bli så gale at det ikkje er organist verken ved gravferder eller vigsler?
— Me vonar det ikkje går så langt. Ei løysing kan vere å få inn tilfeldige som kan hjelpe oss, men det er jo noko som blir svært lite tilfredstillande. Me har òg hatt organistar som har hjelpt oss på dugnad innimellom, seier Liv Tungesvik.

Vonar på samarbeid
Etter det Grannar kjenner til har Etne Kyrkjelege Fellesråd vore i dialog med kulturskulen om å dele på ein organist.
— Det ville vore flott om me fekk til ei kombinert stilling saman med Kulturskulen. Hadde me fått ein person i 75 prosent stilling, kunne det gått økonomisk, seier ho.
— Kor realistisk er det at eit slikt samarbeid kjem i gang?
— Det eg veit er at me har ein positiv dialog med Kulturskulen, men at det er vanskeleg å få alt til å klaffa i eit slikt samarbeid. Det er mykje å ta omsyn til, seier ho.
— Har de vore i dialog med kommunen om den dårlege økonomien?
— Ja, vår kyrkjeverje Harald Sirnes er stadig i dialog med kommunen, men så lenge vårt budsjett er fastlagt, er det visst vanskeleg å kome nokon veg. Me må sikkert venta på betre tider og nytt budsjett, seier Liv Tungesvik oppgitt.

Urettferdig behandla
Leiar i Etne Kyrkjelege Fellesråd, Ingemund Berge, er også fortvila over den økonomiske situasjonen.
— Kommunen er lovpålagt å kome med pengar til organist, kyrkjeverje og kyrkjetenar, dette blir ikkje innfridd i Etne. Ein annan ting er at kommunen ikkje tek omsyn til lønnsauke når det gjeld kyrkja, men i kommunen elles vert dette innfridd. Eg synest kyrkja i somme tilfelle blir urettferdig behandla av kommunen. På mange vis føler eg at kyrkja blir litt skvisa, seier Ingemund Berge.

Uforsvarleg drift
I referat frå møte i Etne Kyrkjelege Fellesråd 18. januar blir det peika på at det heller ikkje har vore mogleg å budsjettere med midlar til vedlikehald av kyrkjene, noko som blir opplevd som uansvarleg når ein veit at behovet er stort og det er pålegg om branntekniske tiltak og tiltak for å utbetra dei elektriske anlegga, heiter det i referatet. Vidare står det at det ikkje er midlar til å vedlikehalda orgla og at rammene er så små at det er umogleg å halde oppe ei forsvarleg drift av kyrkjene.