Ikkje smitta kjøttdeig i vårt distrikt

Smitte i kjøttdeig frå Gilde, er mest sannsynleg grunnen til at seks barn her i […]

Smitte i kjøttdeig frå Gilde, er mest sannsynleg grunnen til at seks barn her i landet har fått nyresvikt. Dette er nå fastslått av Mattilsynet og Nasjonalt folkehelseinstitutt. Bakterien stammar truleg frå ein storfebesetning i Oppland eller Hedmark.
Den smittefarlege kjøttdeigen er levert frå Gildes slakteri på Rudshøgda i Hedmark.
Nå blir det jakta på den farlege E. Colibakterien som ein håper å lokalisere. Både Gilde, Mattilsynet, Folkehelsa og Veterinærinstituttet ser svært alvorleg på saka og har gitt ho høgste prioritet.
E. Colibakterien
Det er her snakk om tarmbakteriar som normalt finst i store mengder hos både menneske og dyr, og som til vanleg er ufarlege.
Men når E. Colibakterien blir overført slik som i dette tilfelle, kan han føre til kraftig, blodig diaré og oppkast, og som ein har vore vitne til, nyresvikt. Særleg utsette er barn og eldre. Vanlegvis blir bakterien overført gjennom storfekjøtt, grønsaker, upastorisert mjølk, vatn og frå person til person.
Ikkje i distriktet
Ein telefonrunde til ein del av butikk-kjedene i distriktet viser at ingen har hatt kjøttdeig frå det nemnde produksjonsnummeret i hyllene sine.
Dagleg leiar i SparEtne, Ole Mæhle, opplyser at butikkane i Norgesgruppen her i distriktet får sin kjøttdeig frå Gilde sine anlegg i Stavanger-området, der kjøttdeigen også er produsert.
Han fortel at med det same opplysningane om den farlege kjøttdeigen vart kjend, fekk dei melding om å fjerne alt frå hyllene, men då det hadde roa seg litt, kunne dei leggje varene tilbake i hyllene.
— Ja, først fekk vi melding om å fjerne all kjøttdeig frå Gilde, men ti minuttar etterpå fekk vi melding om at dette ikkje gjaldt oss, fortel han.
Dagleg leiar ved Rema i Etne, Jan Lysne, fortel at dei for å vere på den sikre sida har fjerna all kjøttdeig frå Gilde frå hyllene sine.
— For å vere på den sikre sida, har vi fjerna alt inntil vidare, seier han.
Styrar ved Sandeid handelslag, Gunnar Håland, fortel at dei fort fekk melding om at ingen Coop-butikkar i distriktet hadde fått kjøttdeig med produksjonsnummer 103.
— Heldigvis gjaldt ikkje dette oss. Det er berre butikkar i Bergens-området og på Austlandet som har fått av den smitta kjøttdeigen, opplyser han han.