— Rapporten seier noko om hendingsgangen på ulykkestidpunktet. Rapporten viser at det er stor sannsynsrekning for at vogntoget var omtrent midt i vegbana då ulykka skjedde. Det er dermed ikkje plass til passering for det andre køyretøyet, fortel lensmann i Vindafjord Ingvar Gjærde.
Når det gjeld fart så er konklusjonen at vogntoget har hatt ein fart på i underkant av 60 km/t då det kolliderte.
— Den første personbilen har hatt liten fart eller har stått stille, medan caravellen, som kom bak, har hatt rundt 90 km/t. Fartsgrensa på staden er 80 km/t, så det er ikkje snakk om ekstrem fart. Funn som er gjort på staden blir også understøtta av vitneforklaringar, seier Gjærde.
Politiet avventar no svar på prøvar og dei endelege obduksjonsrapportane. Utover det ønskjer ikkje lensmannen å utdjupe etterforskinga no.
— Ikkje snakk om ekstrem fart
— Rapporten seier noko om hendingsgangen på ulykkestidpunktet. Rapporten viser at det er stor sannsynsrekning […]