Trass mange lovord og store spådommar om gruppa si framtid, nådde ikkje Harry´s Gym opp til å vinna StatoilHydro-stipendet, som blir delt ut til artistar på randa av internasjonalt gjennombrot. Magne Furuholmen delte ut prisen i Oslo i kveld.
Frøkedal sjølv hadde før utdelinga ingen forventingar til å gå av med sigeren, men meinte nominasjonen i seg sjølv var stort nok. Det var i alt ti nominerte til stipendet på 800.000 kroner, som til slutt gjekk til jazzmusikaren Mathias Eick frå Tønsberg.
Harry´s Gym har lenge vore favoritt på dagbladet si nettavstemning før utdelinga, og gruppa har fått strålande kritikkar frå musikkanmeldarar landet over.