Ikkje storleiken som tel

For om lag tre og eit halvt år sidan kjøpte Wenche og Øyvind Nordtveit ved […]

For om lag tre og eit halvt år sidan kjøpte Wenche og Øyvind Nordtveit ved Knapphus Kjøkkensenter eit hus langs E 134 i Øvre Vats. Eitt og eit halvt år har dei brukt på å renovera heile huset frå topp til tå, innvendig som utvendig.
I det førre huset deira utgjorde kvar av dei tre etasjane det som i dag er heile buarealet deira. Frå å ha budd på om lag 300 kvadratmeter, har dei i dag eit 108 kvadratmeter stort hus.
— Ein kunne ikkje vore ein stor familie her. Me kan uansett ikkje gå og trega på det me har gjort, seier Wenche Nordtveit.

Tok bort tømmeret
Huset er frå 1954, men ekteparet Nordtveit har ikkje vore så opptekne av å halda på den gamle stilen innvendig. Difor ville dei ikkje behalda tømmerveggene og nølte ikkje med å legga panel utanpå då renoveringa skulle gjennomførast.
— Mange meinte me var galne som tok bort tømmeret, men eg trur ikkje me tregar på det. Eg kan ikkje fordra å vaska på treverk, seier Wenche.
På veggene fall valet på ståande panel, og det vaniljefarga panelet går som ein raud tråd gjennom heile huset. Panelet var ferdig lakkert då det blei sett opp.
— Det kostar å få det lakkert, men då er det trass alt ferdig når du får det på veggen, seier Wenche.
Huset er lågare under taket enn normalt. Alle vindaugo i huset er bytta ut. Frå å ha hatt store, firkanta vindauge, er dei nå senka innvendig og gjort svært høge. Sprossene deler opp vindaugo.
— Det endrar seg veldig innvendig når ein får sprosser, seier Wenche.
Elegant og stilig, men ikkje prangande hos familien Nordtveit. Huset er ikkje stort, men likevel stort nok for dei tre som bur der. (Den eine sonen er flytta ut).

Kirsebær
På golvet har det gamle tregolvet måtta vika til fordel for parkett i kirsebærfarge. Kirsebærfargen går også igjen i gangen og trappa opp til den øvste etasjen.
— På soveromma har me bevart dei gamle furugolva, men me har pussa og lakka dei, seier Wenche.
Alle dei fire soveromma er plasserte i den øvste etasjen. To soverom har fått blå ståande panel og dei to andre går i gult.
Den gamle hovudinngangen, som ligg i 2. Etasje, husar i dag bad og toalett, medan eit kammers er gjort om til inngangsparti. Baderomsinnreiinga er i kirsebærfarge, med svarte fliser på golvet og kvite fliser på veggene. På badet er det lagt furutak. Badet er ikkje større enn om lag seks kvadratmeter.
Bratte trapper fører frå den eine etasjen til den andre.
I kjellaren ligg fjernsynsstova der dei to sønene får boltra seg. Fjernsynet på 52 tommar dominerer rommet saman med chester-salongen i raudt skinn.
— I heile kjellaren er det isolert og lagt varmekablar i golvet, seier Wenche.

Ikkje planlagd
— Er de opptekne av interiør?
— Ikkje noko spesielt. Det er eit gammalt hus og me måtte tenka litt på det. Me måtte halda litt på det gamle, samtidig som me har hatt med oss møblar frå huset me flytta frå, seier Wenche.
Frå det nye huset sitt ser dei heim til det gamle huset i Blikrabygda. At dei selde det andre, var meir eller mindre tilfeldig.
— Dette huset var til sals. Det er ein lettleg plass med fin utsikt og me la inn bod. Planen var å leiga det ut. Me byrja å arbeida med huset, men så kom tanken om at me skulle flytta inn, seier Wenche.
Nå gjenstår berre hagen og taket på garasjen.
— Me har igjen å legga skifertak på garasjen. Me var litt spente då me skulle bygga garasjen for me måtte jo bygga han i forhold til huset. Me var redde for at garasjen skulle bli for stor, seier Wenche.

I ein krok
Så langt har huset vist seg frå ei elegant og stilig side. Og så det store høgdepunktet, kjøkkenet. Gjennomsnittleg storleik på eit nytt kjøkken i dag er mellom 20 og 30 kvadratmeter. Den som trudde at kjøkkensjefen hadde eit slikt kjøkken, tar skrekkeleg feil. Her dreier det seg ikkje om mange kvadratmetrane. Kjøkkenet er faktisk berre ein liten krok hos ekteparet Nordtveit. Mellom kjøkkenet og stova er det laga opa løysing.
— Me har opna litt opp. I gamle dagar var det dører over alt for å halda på varmen, men me ville ha det litt luftigare, seier Wenche.
Om kjøkkenet er lite, er det stilfullt. Valet av kjøkken var aldri noko heitt diskusjonstema i kjøkkenfamilien Nordtveit.
— Me måtte ha blått på kjøkkenet, seier Wenche, som har vald gustaviansk blå. Kjøkkeninnreiinga er i beisa eik, også her er vaniljefargen med.
— Kjøkkenet har litt gammalt preg og me sel mykje av denne sorten, seier Wenche.
— Me merkar at trenden går meir over til stålhetter, men me valde messing. Eg trur stål ville blitt litt for fancy her, seier Wenche.
Kjøkkenet finst både i ein eksklusiv og i ein vanleg variant. Kva gjekk kjøkkensjefen for?
— Me tok den enklaste utgåva. Den eksklusive typen er litt kraftigare i frontane og er dyrare prismessig. Men også den ikkje-eksklusive utgåva ligg forholdsvis høgt i pris, seier Wenche.
Og for den som lurer. Med forholdsvis høgt i pris inneber det om lag 150.000 kroner. Det er ikkje alltid storleiken det kjem an på…