Ikkje tilfredse med svar

Ordførar Amund Enge kalla torsdag inn formannskapet til ekstraordinært møte i ettermiddag. Eigedomsskatten er den […]

Ordførar Amund Enge kalla torsdag inn formannskapet til ekstraordinært møte i ettermiddag. Eigedomsskatten er den einaste saka som står på dagsorden.
Med i sakspapira følgjer ei utreiing av Inge Danielsen ved Geoservice Trondheim. Ordføraren bad om ein slik rapport etter møtet onsdag kveld.
— Me må sjå på om det kan gjerast noko. Det er sju forskjellige måtar å gjera noko på, forklarer Enge, som tilbakeviser kritikken som kom mot han då han ikkje kom på det første møtet om eigedomsskattesaka.
Amund Enge eig sjølv ein av eigedommane som ligg innanfor skattegrensa, og han oppfatta det første møtet som eit internt møte der han var invitert som grunneigar. Difor valde han å ikkje prioritera møtet. Hadde han vore invitert som ordførar ville han ha gått, forklarer han.

Kan utsetja
Ein av utvegane politikarane kan velja i ettermiddag, er å utsetja bruken av dei nye takstane til neste år. Dei kan også velja å avskaffa eigedomsskatten for bustader, anten for godt eller inntil dei har vurdert på nytt avgrensinga av området som skal vurderast som «utbygd på byvis» i Etnesjøen og i Skånevik. Slik vedtaket ligg føre nå, er det grensene frå 1983 som framleis gjeld. Desse grensene kan oppfattast som kunstige og urettvise, og nett dette er eitt av dei viktigaste ankepunkta for dei som protesterer.

Kan redusera promillen
Eit anna verkemiddel som formannskapet kan gjera bruk av, er å redusera skattepromillen for formueskatt. Slik vedtaket ligg føre nå, er eigedomsskatten sju promille. Dette er den høgaste satsen lovverket opnar for, og på orienteringsmøtet for halvanna veke sidan blei det mellom anna vist til at Stavanger opererer med to promille.
Dersom formannskapet vel å endra skattepromillen, kan dei plassera seg kvar som helst på skalaen frå sju promille og ned til to promille.
Dersom området som «utbygd på byvis» skal omdefinerast, så er ikkje dette noko som kan avgjerast i formannsskapet i dag. Det må eventuelt takast opp i kommunestyret, med sikte på ei eventuell innkrevjing av eigedomsskatt seinare år.

Viste til Sand
Pensjonert lensmann Olav Hermansen tvilar på om politikarane har lovheimel for å krevja inn eigedomsskatt i Etnesjøen og i Skånevik. På det første møtet synte han til at mange kommunar hadde tapt rettssaker om å få krevja inn eigedomsskatt. Ei av desse sakene galdt Sand i Ryfylke, som blei vurdert som ikkje å vera bymessig nok.
Dei ferskaste tala frå Statistisk Sentralbyrå, frå i fjor, syner at tettstaden Sand i Ryfylke hadde 1133 innbyggjarar. Etnesjøen hadde 1002 og Skånevik hadde 603 innbyggjarar på det same tidspunktet.
Vidar Børretzen og dei andre som protesterer mot eigedomsskatten, etterlet inga tvil om at det blir reist rettssak dersom politikarane ikkje slår retrett.