Imponerande show i Skånevik

Det er berre å gje all skryt til frisørane for «kunstene» dei hadde laga på […]

Det er berre å gje all skryt til frisørane for «kunstene» dei hadde laga på hovudet til folk i ulik alder. Med saks og fargar hadde dei trylla fram den eine gøye frisyren etter den andre. Artig å sjå folk vert endra, når frisørane fekk «gjere som dei ville». Trur ingen var misnøgde av modellane, inklusiv underteikna.
Etter «Hårshowet» fekk me sjå vår-motar frå «Alfee». Lekre klede på «profesjonelle» modellar. I alle fall vart eg imponert over måten dei gjekk oppå Catwalken! Ulike klede, smakfullt satt saman.
Så kom «brudeshowet». Flotte kjolar utlånt frå «Auds brudesalong». Og «brudene» var nydelege, flott sminka av Evelyn og Åshild og frisert av frisørane i Skånevik.
Brude-bukettane var eit kapitel for seg sjølv, alle ulike og spennande. Reine kunstnerane er blomster-dekoratørane..
Tusen takk til dykk som laga denne ettermiddagen til å verte ei oppleving, og for at me fekk sjå mangfaldet i arbeidet dykkar. Og ikkje minst kor dyktige de er alle isammen!
Tilhøyrande mat og drikke kunne ein få kjøpt, og då var kosen der. Inntektene for showet går til Idrettshallen. All skryt for denne dugnaden, der de gleda mange!

Margaret