Imsland får breiband

Men no har formannskapet i Vindafjord løyvd 90.000 kroner frå næringsfondet for å få fart […]

Men no har formannskapet i Vindafjord løyvd 90.000 kroner frå næringsfondet for å få fart i utbygginga. I praksis blir det dermed kommunen som betaler for at folk i Imsland skal få tilgang til ADSL. Rådmann Helge Thorheim meiner det er rett at kommunen engasjerer seg for at Imsland skal få den same tilgangen til breiband som dei andre bygdene i Vindafjord. Når Telenor ikkje har snarlege planar, og fiberkabelen til Haugaland Kraft ikkje vil kome til Imsland med det første, meiner rådmannen at Imsland kjem dårleg ut samanlikna med resten av kommunen. I formannskapet fekk han spørsmål om det er fritt fram for andre å søkje om støtte dersom dei ligg avsides til i forhold til dagens tilgang til breiband. Rådmannen svara at det er fritt fram, men at Imsland er i ei særstilling sidan det er ei bygd og eit næringsliv som ikkje har tilgang til breiband.