Ine – vårt nye Idol-håp

Grannar møter Ine Kleiveland på Karmsund vidaregåande skule i Haugesund. Her går ho på linja […]

Grannar møter Ine Kleiveland på Karmsund vidaregåande skule i Haugesund. Her går ho på linja hotell- og næringsmiddelfag.
— Draumen er å bli ein syngande kokk, seier ho og ler.
Under auditionrunden i Stavanger var Ine nest siste person som fekk synge.
— Det var utruleg mykje venting. Etter precastinga, som er ein audition som silar ut dei som skal inn til den tv–sende auditionen, måtte eg vente ni timar før det var min tur til å møte Tor Milde og resten av juryen. Det var lange timar, men for all del, all ventinga var verdt det eg fekk vera med på, seier ho.
Ine Kleiveland song «A moment like this» av Kelly Clarkson. Tor Milde var sikker i si sak og ville ha jenta frå Skjold vidare i konkurransen. Dei andre var usikre og ville høyre enda ein song. Etter enda ein Kelly Clarkson-song, «Natural woman», var alle einige om at Ine skulle bli med til Oslo.
— Det var ei heilt fantastisk oppleving, seier ho og smiler.
Ine Kleiveland fekk gode tilbakemeldingar. Dommarane var spesielt imponerte over hennar litt hese og spesielle stemme.

Har alltid sunge
Ine er oppvaksen i Skjold og bur der saman med mor og velsesyster.
— Eg har sunge så lenge eg kan hugse, seier ho.
Ho var med i kor i sju år, men slutta for seks år sidan, då ho starta med solosong. No går ho ein gong i veka til songpedagog Frode Lindanger.
— Dersom du ein dag kjem til å gje ut plate, kva type musikk vil den bestå av?
— Eg har alltid vore mest glad i balladar, men byrjar eigentleg å bli litt lei det. Eg trur kanskje ei plate med Ine Kleiveland ville blitt soul–inspirert. Eg lagar musikk sjølv òg, så eg ville sjølvsagt hatt dei med i tillegg til nokre av mine favorittsongar, seier ho.

Har vore i Oslo
Sjølv om me som ser på tv, får inntrykk av at det er ei direktesending, er ikkje det tilfelle. Auditionen i Oslo gjekk eigentleg av stabelen i desember, og dei vidare resultata er for lengst oppe og avgjorde.
— Eg kan ikkje seie korleis det gjekk i Oslo. Me har fått streng beskjed om å ikkje røpe noko før tv–sjåarane får sjå det i helga. Vent å sjå, seier ho og smiler.