Informasjon til interesserte innbyggarar

Denne informasjonen vel ein å formidle på ulik vis avhengig av karakter og målgruppe. Ofte […]

Denne informasjonen vel ein å formidle på ulik vis avhengig av karakter og målgruppe. Ofte vil ein gjennom dagspressa, oppslag eller husstandsomdelt Infoavis informere om nytt i kommunen. I tillegg har Etne kommune heimesida på Internett:. http://www.etne.kommune.no/ Der kan ein alltid finne svar på endringar, nye tilbod eller anna viktig informasjon.
Vidare har Etne kommune gjennom Tenestetorget på Tinghuset høve til å informere borgarar som har spørsmål. I tillegg kan den einskilde einingsleiar svare på spørsmål aktuell for hans eining. Direkte nummer til einingsleiarar finn ein på heimesida eller ved å ta kontakt med Tenestetorget tlf. 53 75 80 00.
Slik eg ser, treng ingen tufte sin kunnskap på «bygdesnakk», men på konkret informasjon frå dei ansvarlege i kommunen. Velkomen til å ta kontakt!
… Så til fysioterapitenesta
I dialog med helseleiar kan eg kort konkretisere:
Oppslag på omsorgssentra både i Etne og Skånevik vert fjerna når informasjonen vert forelda, eller det kjem nye opplysningar som er viktig å få med.
Omorganiseringa av tenesta har kommunen opplyst om i:
1. K-styre Vedtak av 18.10. 2005
2. Innlegg frå helseleiar i samband med Vedtak
3. Innlegg frå meg i samband med Vedtak
4. Informasjon frå helseleiar i Grannar 23.01. 2006
Endeleg resultat av omorganiseringa er ikkje på plass enda, helseleiar treng tid…og ro til dette viktig arbeidet.
Det er i dag ingen kommunale fysioterapeutar som har sagt opp stillinga si, men alle dei kommunale tilsette i tenesta er involvert i prosessen med omorganiseringa.
Helseleiar understreka for meg enda eingong, at ho gjerne svarer på spørsmål. Eg vil difor oppmode alle med ytterligare spørsmål til tenesta, til å kontakte helseleiar Marion Kallevik på 53758102, då det i dag er berre ho og hovudadministrasjonen som kjenner alle «puslebrikkene» i denne prosessen.
Utlysing av ergoterapeut stillinga i Grannar er ein del av det formelle arbeidet i omorganiseringsprosessen. Administrativ tilsetting er einingsleiar sitt verkty til å løyse akutte utfordringar eller komme i møte aukande behov, medan ein venter på formell tilsetting. Noko som kan ta tid, då det er ein særs alvorleg og viktig sak å tilsette nytt personale. Ergoterapeut har tidlegare vore inne i liknande tilsetting i Etne kommune (haust 2005)
Med dette vil eg understreke at «folk på bygda» ikkje er den beste kjelde til konkret informasjon i kommunesamanheng. Ta kontakt dersom du treng informasjon, me er mange som kan hjelpe deg.

Amund Enge,
ordførar i Etne kommune