Inga strikkhopping i julegåve

Offentleg saksbehandling tar gjerne tid, og målet om å få ferdig eit forslag i Samferdselsdepartementet […]

Offentleg saksbehandling tar gjerne tid, og målet om å få ferdig eit forslag i Samferdselsdepartementet som opnar for strikkhopping frå Trolljuv bru i Åkrafjorden og frå andre riksvegar, gjekk ikkje etter planen. Statssekretær Geir Pollestad (Sp) opplyser at grunnen er stort arbeidspress. Pollestad har tidlegare langt på veg signalisert overfor Grannar at denne saka skal løysast på ein positiv måte for distriktet. Det er tromsøværingen Petter Kvalsvik som har vore pådrivar for å starta denne aktiviteten i Åkrafjorden, i første omgang for uttesting med tanke på kommersiell drift.