Men i følgje avisa er det likevel ingen grunn til å deppa, for neste år blir framleis eit godt år for lommeboka. Ekspertpanelet, som for det meste består av personar frå finansverda, trur på framleis låg prisauke, men høgare rente. Dei spår lågare vekst i bustadprisane medan aksjeprisane vil gå ned. Kjøpelysten vil framleis vera stor.
Investor Ola Mæle seier til avisa at han ikkje ser på 2006 med bekymring, og kallar seg sjølv ein forsiktig optimist.
Fleire i ekspertpanelet trur den nye raud-grøne kvardagen vil setja ein dempar på festen. Meir av folket sine pengar skal innom statskassen, slik at politikarane kan forvalta ein større del av samfunnet sine pengar til det dei meiner er gode føremål, seier Tom Staavi, sjefredaktør i Dine Penger.
Eit sentralt tema i valkampen i haust, var den store skilnaden mellom fattige og rike, mellom privat rikdom og offentleg armod.
Og sjeldan har me sett dette klarare enn i desse hektiske førjulsdagane. Privat brukar me pengar som aldri før. Husa skal pyntast med all nymotens julepynt, juleborda skal bogna som aldri før og julegåvene blir berre dyrare og flottare. Me drar kjøpekorta slik at dei nærmast går seg varme i kassadisken.
På same tid blir den kommunale økonomien avkledd i all sin gru. I Etne, der skular og barnehagar stod for hogg, skal det sparast til beinet på alle kantar og baugar. For tur står pleie og omsorg der millionar skal dragast inn. Nye Vindafjord har enda ikkje pirka borti budsjettet for neste år. Men rådmannen har skissert ein manko på 13 millionar kroner.
Sjølv om det som ekspertane i VG seier ikkje er grunn til å deppa, er det all grunn til å stoppa opp eit lite bel. Me må spørja oss sjølve om me vil at den skeive utviklinga skal halda fram i åra som kjem. Offentleg fattigdom slår til slutt tilbake på alle, anten lommeboka er tjukk eller slunken.