Ingen planar om å snu

Han meiner kritikarane har ein del poeng, men påtroppande rådmann Helge Thorheim meiner konsekvensane ikkje […]

Han meiner kritikarane har ein del poeng, men påtroppande rådmann Helge Thorheim meiner konsekvensane ikkje er så store som fagmiljøet og Utdanningsforbundet i Ølen og Vindafjord framstiller det.
Det sentrale i denne kritikken går på at PP-tenesta blir ofra for å tilfredsstille distriktspolitikk i nye Vindafjord, og målet om å bruke eksisterande kommunale bygningar i Ølen, Sandeid og Vikedal.
I skulemiljøet har det blitt dårleg mottatt at Thorheim har funne plass til PPT i Vikedal. Kritikarane meiner dette er usentralt i høve til kor den klare majoriteten av elevane går på skule. Det blir upraktisk og tar av fagfolka si dyrebare tid som kunne kome brukarane til gode.
Plassering langs E134 var også rådet frå prosjektgruppa som vurderte PPT.

Kommunale bygningar
— Det er ein ekstra avstand til Vikedal når ein ser kor fleirtalet av elevane er. Men eg trur organiseringa av kvardagen til dei tilsette i PP-tenesta kan regulere kor mykje det treng gå vekk i ekstra køyring. Dette må ein vege opp mot andre omsyn, seier Thorheim.
Eit sentralt poeng i hans vurdering er at målet for nye Vindafjord er å bruke eksisterande bygningar. Det er mandatet han arbeider etter. Dessutan har han lagt vekt på at andre kommunale tenester som sosialkontor, barnevern og ei til dags dato udefinert skuleavdeling, skal vere i Vikedal. På grunn av tverrfagleg samarbeid finn han det naturleg å plassere PP-tenesta i same bygningen.
— Vi skal spreie aktiviteten minst mogleg for å oppnå synergieffektar. Og dei tre bygningane vi skal bruke ligg i Ølen, Sandeid og Vikedal. Distriktspolitikk i kommunen tel også med. Det er ein del av intensjonsplanen, seier han.

Politikarane støtta
Han ser ikkje vekk frå at det kan bli vanskelegare å rekruttere fagfolk når PP-tenesta blir lagt til Vikedal. Men han viser til at både Ølen og Vindafjord har gode fagfolk i dag.
Påtroppande rådmann Helge Thorheim vil ikkje kommentere at den tidlegare leiaren av PPT-kontoret i Vindafjord, Sigmund Lier, til slutt sa nei til leiarjobben i nye Vindafjord då han vart kjent med organisering og vilkår i jobben. Lier var også sterkt skeptisk til lønspolitikken som fører til at ein lærar i skulen kan tene meir enn leiaren av eit PPT-kontor.
— Eg kommenterer ikkje lønsforhandlingar. Men eg trur vilkåra i nye Vindafjord er gode nok til å få dei fagfolka tenesta treng, seier Thorheim.
Han har ingen planar om å foreslå endringar i lokaliseringskabalen før den skal opp i fellesnemnda 10. mai. Saka har også passert arbeidsutvalet som støtta forslaget til prosjektleiaren. Politikarane i arbeidsutvalet er ordførarane Arne Bergsvåg (Sp) og Reidar Håvås (Ap), varaordførarane Peder Lothe (H) og Per Bakkedal (Sp, pluss Dagfinn Torstveit (H), Ottar Ohm (Tverrpolisks Vats og Skjold) og Rune Hetland (Vikebygd bygdeliste).