Ingenting større på jorda

Berre til å berga ein syndar frå ein evig fortapelse er stort. Når så frelsa […]

Berre til å berga ein syndar frå ein evig fortapelse er stort. Når så frelsa gjeld alle menneske, så klarar ikkje vår tanke det. Det er godt at Gud i himmelen veit så mykje meir og kan gjera så mykje meir enn me forstår. Oss menneske sin stilling framfor den ”tre gonger hellige” Gud er alvorlig. Tenk om me som menneske forstod det. ”Gud er kjærleik” – dette står tydelig i Bibelen. Men Gud er også hellig, Gud kan ikkje rømma frå seg sjølv. Han er også rettferdig.
Så gav Gud oss i sin kjærleik Jesus. Han gjer det mogleg for oss å møta Gud. Ja, meir enn det, han har bestemt oss til å vera Jesu brud. Finnest det noko større på denne jord.
Den største misjonæren av alle, Paulus, gjev oss god rettleiing om dette å verta eit Guds barn (bokmål 1952): «For dersom du med din munn bekjenner at Jesus er Herre, og ditt hjerte tror at Gud oppvakte han fra de døde, da skal du bli frelst, for med hjerte tror en til rettferdighet, og med munnen bekjenner en til frelse, for skriften sier,- Hver den som tror på han skal ikke bli til skamme. Rom 10.9-11.
Er det ikkje gode og herlege ord. Det må vera forferdeleg å gå fortapt, og så veta at Jesus kom til verda for å frelsa nettopp meg.

Erik J. Grønstad