Inn i nye lokale

Det er ein tilfreds Helge Thorheim som viser rundt i det komande rådhuset. Det ligg […]

Det er ein tilfreds Helge Thorheim som viser rundt i det komande rådhuset. Det ligg nokre leidningar og sleng i gangane. Travle kommunale menn og kvinner hastar inn på kontora med bunker av papir, og ut att etter nye. Fleire av dei nye kontora står framleis tomme, men det aller meste er i rute.

Vegg i vegg
Oppe i andre etasje i det nye rådhuset, ut mot legekontoret, ligg servicetorget med sentralbord og resepsjon. Innanfor ligg to romslege, jamstore kontor.
— Det eine er for rådmannen, det andre er for ordføraren, forklarer prosjektleiar Helge Thorheim.
Etter nyttår flytter han opp ein etasje, og tek fatt på åremålsarbeidet som første rådmannen i den utvida Vindafjord kommune. Kontornabo vert Arne Bergsvåg, som flytter litt lengre. Frå det gamle kommunehuset i Ølen.
— Ordføraren sitt kontor er ørlite større enn mitt, poengterer den påtroppande rådmannen.
Byggjeprosessen har kosta åtte millionar kroner. Det er hundre prosent finansiert av statlege midler – dei såkalla Erna-pengane, som Vindafjord og Ølen vart lokka med dersom dei slo seg saman på eige initiativ.
— Det er Erna-pengar, alt saman. Både dei åtte millionane til rådhuset, og ytterligare åtte millionar kroner til IKT-satsinga, seier Thorheim stolt.
— Overskridingar som belastar 2006-budsjettet i den nye kommunen?
— Nei, det er betalt for alt saman, forsikrar Thorheim.

Skilta kjem i romjula
I romjula, nokre små dagar før Vindafjord offisielt breier seg vidare nordover frå industriområdet på Steinsland, kjem namneskilta opp. Vindafjord kommune, Rådhus, skal der stå. Med store bokstavar.
Dermed kan det vera duka for ein aldri så liten namneproblematikk. For det står då vittarleg framleis «Vindafjord rådhus» med store bokstavar ved inngangen til det kommunale bygget på Sandeid. I alle fall då denne avisa gjekk i trykken.