Innbrotsraid i bilar

Det er ingen av eigarane som har sett noko, og vi har enno ikkje fått […]

Det er ingen av eigarane som har sett noko, og vi har enno ikkje fått rapport om andre som har observert noko i samband med innbrota. Det har skjedd ein gong i løpet av natta, opplyser politibetjent Bernt Arne Skjold i Etne og Vindafjord lensmannsdistrikt
Innbrota er identiske ved at sidevindauge er knust for å kome seg inn i bilane. Innbrotet i Sandeid skjedde i ein personbil i ein garasje i byggjefelt, medan innbrotet i Ølen var i ein lastebil som stod parkert ved Fatland Ølen AS. I Etne ramma tjuveriraidet to personbilar som stod parkert ved Etne Auto på Tongane.