Dei forsvann like fort som dei kom, og det var ikkje stole noko i bilen. Ein god halvtime seinare fekk politiet ein telefon frå ein person som hadde hatt fest i huset sitt. Han melde stole ein berbar pc, ein moped, litt alkohol og ei defekt hagle. Rundt klokka 08.30 fekk politiet fleire meldingar om at ein bil hadde køyrt gjennom eit gjerde ved Gjerde kyrkje. Etter ei ny melding om eit nytt innbrot i ein bil, og eit tips om fest i eit hus, rykte politiet ut. Etter ei stund pågreip politiet to personar på to ulike adresser, og tok dei inn til lensmannskontor i Etne for avhøyr. Dei to mennene på 22 og 24 år nekta å stå bak ugjerningane. Politiet skal etterforske saka vidare i dag.
Innbrotsraid i Etne
Dei forsvann like fort som dei kom, og det var ikkje stole noko i bilen. […]