Innbyggjarane har krav på svar

1. Sånt rundt rekna ei gong i året blir vår del av fedrelandet tilgodesett med […]

1. Sånt rundt rekna ei gong i året blir vår del av fedrelandet tilgodesett med nedbørsmengder som er større enn vanleg. Med jamne mellomrom tar vi det vi brukar kalla flaum. Nedbørmengda har store lokale variasjonar, og skadeflaum rammar oftast ein liten del av kommunen. Vi har hatt fleire slike dei siste åra, t.d. i Sandeid, i lsvik og på Dalsbruket der brua til Tunge blei øydelagt. I 2004 var det svært stor vassføring i Eioelva, noko som m.a førte til utgravingar i fundamentet for gang- og sykkelvegen langs E134, vasskader i bensinstasjonen i Ølen og øydelegging av ei gangbru lenger oppe i elva. Det var skremmande å sjå kor lite det var å gå på før vatnet ikkje fekk plass under brua over E134, særleg når vi veit at den flaumstore elva tar med seg store steinar som ho legg opp nedanfor riksvegbrua.
Vi veit at vegvesenet gjorde utbetringar på muren for gang- og sykkelvegen, men kva er gjort lenger oppe? Er elveløpet sikra mot utgravingar og transport av stein som kan redusert lysopninga under brua? Er fyllinga ved møbelbutikken sikra mot vidare utrasing? Dersom elva i flaum går over breiddene sine, kan det fa alvorlege følgjer både for riksvegen og for ulike bygningar som ligg i nærleiken av elva.
Vi spør derfor: Kva er gjort for å hindra at sliks kan skje?

2. Vi, og fleire andre, har tidlegare stilt spørsmål om kva som blir gjort for å sikra vegen til kyrkjegarden i Ølen, og kva som blir gjort for å få utvida parkeringsplassen. Svara har allmenn interesse og kan godt gjentakast i denne samanhengen.
Vi har ikkje stilt spørsmål om parkeringsplassen ved kyrkja på Bjoa. Parkeringsplassen er altfor liten. Vi spør derfor: Har kommunen planar om utviding, og når kan dei i tilfelle setjast i verk?

3. Det er nå godt og vel to år sidan kommunesamanslåinga blei gjennomført. Dette er sjølvsagt alt for kort tid til å gi svar på om dette var eit vellukka tiltak. Den nye kommunen er komen for å bli. På den andre sida var kommunesamanslåinga eit verkemiddel for å bygga eit betre samfunn for innbyggjarane, for å fa betre utnytting av ressursane og gode kommunale teneste- og servicetilbod. Utgangspunktet var at det er betre å driva ein stor kommune enn to små kommunar. Kommunestorleik er viktig og gir grunnlag for å velja andre løysingar.
Kva innverknad har kommunestorleiken fatt på dei avgjerdene som er tatt etter at kommunesamanslåinga blei vedteken? Driv vi den store kommunen på same måten som dei to små? Har drifta av den store kommunen gitt større økonomisk handlefridom, og kor er institusjonane som er tilpassa den nye kommunen og symbol på den nye tida? For å vera konkret: Kor langt er ein komen i arbeidet med å samla dei ulike funksjonane i eit nytt rådhus?

4. Vindafjord er på mange måtar ein god kommune å bu i. Dette er dokumentert ved fleire høve gjennom undersøkingar som er gjort av statlege styresmakter. Det vil alltid vera tilhøve ein kunne ynskja var betre, og det vil alltid vera tilhøve som vi har god grunn til å vera betre nøgde med enn det som kjem til uttrykk.
På eitt område skal vi likevel stilla store krav til kommunen som ivaretakar av fellesskapen og innbyggjarane sine interesser: Innbyggjarane har krav på svar når dei vender seg til kommunen med problem eller tilhøve dei er opptekne av. Her bør kommunen vår ha høge og dristige mål, og høgare mål enn det som fleire av oss opplever i det daglege. Det er ofte vanskeleg å fa svar frå kommunen.

Karl J Granberg
FOLKETS RØYST