Innfører nytt prissystem

— Det er galskap, seier 88 år gamle Gunda Sørheim, som leiger husvære i Bustadskipinga. […]

— Det er galskap, seier 88 år gamle Gunda Sørheim, som leiger husvære i Bustadskipinga. Dei pårørande er ikkje mindre kritiske til prishoppet. — Det er skammeleg. Eg forstår ikkje kva politikarane tenkjer, seier Liv Hjelmtveit Jensen, og minner om at Etne sentrum ikkje er det same som Aker Brygge.

Etter prisauken, som kommunestyret vedtok før jul, aukar husleiga frå 4.260 kroner til 5.200 kroner frå 1. juli i år. Husværa det er snakk om er om lag 55 kvadratmeter store og inneheld kjøkken og stove i eitt, eitt soverom pluss bad. Det er med andre ord ikkje stort større enn eit hybelhusvære. For dette har politikarane rekna ut at 5.200 kroner er gjengs husleige i Etne.

Me må spørja kvar dei har desse tala frå. Kva meiner dei då er gjengs leige for eit husvære på 100 kvadrat, eller eit heilt bustadhus i Etne? Dersom politikarane sine kvadratmeterprisar skulle leggjast til grunn, var det ikkje mange som hadde råd til å leiga seg husvære i Etne.

Det underliggjande i denne saka er at politikarane reknar som så at dei gamle får bustøtte gjennom Husbanken til å finansiera husleiga, og då er det underordna kva kvadratmeterprisen blir.
Etter vårt syn er det eit forkasteleg system. For det første er det ikkje alle eldre som får bustøtte. Og for det andre er det ei nedvurdering av dei eldre og deira økonomiske situasjon.

Tenk om ein skulle innføra eit prinsipp der husleiga blei fastsett etter leigetakarane si betalingsevne og ikkje etter storleik og standard på husværet. Me er overtydde om at fleire enn eldre leigetakarar ville reagert med høglydt protest mot eit slikt system. Det er rosverdig av leigetakarane ved Bustadskipinga i Etne å protestera mot prisauken og det dei oppfattar som ein svært urettferdig politikk.