Framsyninga i Etne kulturhus var utseld ei god stund i førevegen. Berit Rafdal melder om enorm interesse for bergensgutane.
– Me kunne nok hatt ei førestilling til, men det let seg ikkje gjera, seier ho.
På fredag var det mange som venta i håp om å få billettane til dei som ikkje dukka opp i snøvêret. Til slutt kom alle som stod i kø seg inn.
Lokal vri
Vegard Ylvisåker starta det heile med sin utruleg morosame karakter; Kulturkoordinatoren Reidun, som var ei skikkeleg fjolledame. Ho vart på sett og vis ein slags konferansier gjennom showet, og hadde fleire gode innslag. Ylvis tilpassar showet etter publikum. Reidun var nemleg godt kjend med Amund Enge. Dei hadde i fylgje ho blitt svært godt kjend gjennom eit aromaterapikurs, der målet var å bli kjend med kroppen sin.
– Amund er veldig godt kjent med kroppen sin, litt for godt kjent kanskje, fniste ho.
Enormt register
Ylvis var innom både russiske, bulgarske og afrikanske karakterar. Men mest av alt var det svenskane som fekk gjennomgå. Brørne hadde ein hysterisk morosam parodi på eit svensktoppband. Eit par svenske hockeyspelarar var eit anna høgdepunkt.
Brørne takla ulike svenske dialektar, aksentar frå heile Europa, og ikkje minst ei mengde med norske dialektar på fantastisk vis. At dei er gode musikarar er det heller ingen tvil om. Dei spela i løpet av førestillinga fleire instrument, og imponerte med song. Dei er rett og slett to multitalent.
Mange høgdepunkt
Brørne heldt på i halvanna time, og det var ingen dødpunkt i showet. Dei hadde fleire parodiar som rett og slett var knallgode. Grand Prix general, Jostein Pedersen, var ein av dei som vart parodiert. Men den beste var Bård Ylvisåker som Sondre Lerche. Han babla i veg som bergensarar ofte gjer, og kom eigentleg aldri til saka, rørslene og stemma var utruleg bra innøvd. Publikum lo så tårene trilla. Då brørne var dokker i eit dokketeater gjekk stemninga til vers igjen, og det same skjedde då brørne vart omgjort til sleipe boybandgutar. Ylvis gav alt, og publikum fekk absolutt valuta for pengane.
Hanne Rullestad