Innspel frå grasrota

I samband med samanslåinga av Ølen og Vindafjord kommunar, vil det til hausten bli kalla […]

I samband med samanslåinga av Ølen og Vindafjord kommunar, vil det til hausten bli kalla inn til folkemøte i dei ulike bygdene i det som blir nye Vindafjord kommune.
For å førebu desse folkemøta best mogleg, blir det nå sendt ut eit spørjeskjema til alle husstandar i Ølen og Vindafjord.
Rådmann Helge Thorheim i nye Vindafjord kommune, er prosjektleiar for spørjeundersøkinga. Han seier at grunnen til at dei nå set i gang denne undersøkinga, er at dei ønskjer å engasjere innbyggjarane, slik at det ikkje berre blir nokre få politikarar som skal bestemme korleis den samanslåtte kommunen skal bli.
Engasjement
— Føler du at innbyggjarane er engasjerte i det som skjer når det gjeld kommunesamanslåinga?
— Ja, eg føler at folk er engasjerte. Ein av grunnane til at det er stille nå, kan vere at prosessen så langt har vore rett.
Men det hindrar ikkje ønske om innspel i den vidare saksgangen, seier Thorheim. Han fortel at spørjeskjemaet har få spørsmål. Det meiner han er betre enn mange ark med spørsmål.
— Folk skal ha tid til å svare på spørsmåla. Kvar husstand får eitt skjema, og ønsket frå vår side er at medlemmene i husstanden skal samle seg og diskutere spørsmåla saman. Her vil vi gjerne ha svar på kva folk synest er bra i kommunen i dag, kva dei vil behalde i ein ny kommune, og kva dei vil ha annleis, seier Thorheim.
Ønskjer svar
Han meiner ein tidleg i prosessen vil kunne ta omsyn til innbyggjarane sine ønske, og gjere ting betre.
Svara som kjem inn skal også danne stikkord for folkemøta, som vil bli skipa til i haust. Desse vil bli haldne i dei forskjellige bygdene.
— Vi meiner det er betre enn eit stort fellesmøte, seier Thorheim.
Når det gjeld folkemøta, vil dei bli styrte av ordførarane og Thorheim.
— Filosofien er at vi skal greie dette internt med eigne krefter. Og vi har eit sterkt ønske om at alle aldersgrupper møter fram, seier han.
Skulane i dei to kommunane skal også engasjerast i spørsmål som gjeld samanslåinga. Likeins vil det bli eigne møte for næringslivet.
— Det er viktig å få ein samordna næringspolitikk i den samanslåtte kommunen, understrekar Thorheim.
Det vil bli sendt ut vel 3.000 spørjeskjema, og Thorheim legg ikkje skjul på at han er spent på kor mange svar som blir sende i retur.