Inspirert av 50-talet

Interessa for fotografering vakna då han gjekk på Jæren Folkehøgskule. Då skuleåret var til ende, […]

Interessa for fotografering vakna då han gjekk på Jæren Folkehøgskule. Då skuleåret var til ende, var han ikkje i tvil om at han ville utdanna seg til å bli ein betre fotograf.
— Kvifor England?
— Eg fekk også plass i Trondheim, men eg har alltid høyrt at England var plassen for å læra seg fotografering, seier Nybru. Han hadde berre drive skikkeleg på med foto i nokre månader då han drog til Falmouth College of Arts i Cornwall i Sørvest-England, men han tregar så visst ikkje på valet.
Det treåringe bachelorstudiet i fotografering har han finansiert med stønad og lån frå Statens Lånekasse, men for Englands-studentar frå land utanfor EU kjem skulepengane som ein ekstra økonomisk byrde.
— Eg fekk gebyrstipend frå Lånekassa, men eg hadde ikkje klart meg så godt utan å jobba om somrane. Eg har jobba i Sandeid Fengsel i feriane, fortel Nybru, som også er fengselsarbeidar denne sommaren.
Rockabilly
Under studietida i England, blei han meir og meir tiltrekt av rockabilly-kulturen. Han tok til å reisa rundt på festivalar, der han trefte likesinna og fann mange av motiva for fotografia sine.
— Musikken frå femtitalet har fascinert meg sidan eg var tretten-fjorten år. Hårstilen og klesstilen byrja eg med i England. Eg er vel ein del av den typen femtitals-retro-subkultur, forklarer den unge fotografen. Sentrale musikalske namn i retrokulturen er Buddy Holly, Elvis Presley og Jerry Lee Lewis.
Gamal speilrefleks
Kameraet Nybru bruker, er ein Hasselblad 6×6 cm frå slutten av sekstitalet. I ei tid då moderne kamera blir styrte av elektronikk og automatikk, føretrekkjer han eit klassisk speilreflekskamera der alle innstillingane skjer manuelt. Det velrennomerte svenske kvalitetskameraet var svært vanleg på sekstitalet, i ei tid då det elles var tysk fotoutstyr som dominerte.
— Dei store, kvadratiske negativa gjer at bileta kan blåsast opp og framleis vera skarpe, forklarer Nybru, som slett ikkje vil leggja vekk Hasselblad-kameraet til fordel for moderne digitalteknikk.
Fotografia Nybru har med i salsutstillinga i London er ei blanding av dokumentar og portrettfoto, henta frå rockabilly-miljøet.
— Eg har dokumentert den livsstilen, forklarer han, men han legg til at han også har augene opne for andre ting enn rockabilly.
— Eg vil ikkje bli stempla som ein femtitalsfotograf. Eg vil jobba med andre ting utover, slår han fast, og nemner reklamefotografering og CD-cover som tema som interesserer han.
Vil til Oslo
Etter at utstillinga i London og sommarjobben i Sandeid er avslutta, tenkjer Nybru å reisa til Oslo. Der vil han i første omgang assistera etablerte fotografar for å koma seg inn i miljøet. Han reknar med å ta seg ein deltidsjobb, kanskje på ein pub.
Livsstilen og hårsveisen har 23-åringen slett ikkje tenkt å gje slepp på.
—Femtitalet inspirerer meg. Det var då ungdommane fekk sin eigen identitet, smiler Stian Nybru.