Inspirert av Petter Solberg

Det var i 1990 Ditt Distrikt for første gong inviterte landets sjetteklassingar til å teikne […]

Det var i 1990 Ditt Distrikt for første gong inviterte landets sjetteklassingar til å teikne framsida på telefonkatalogen. Etter det har dette blitt eit populært samarbeid.
Ditt Distrikt sender årleg ut 70.000 invitasjonar til grunnskulane i heile landet, og får inn om lag 18.000 fantasifulle og flotte barneteikningar.
Kva vil du bli
Årets tema, då det vart gitt i fjor, var: Kva vil du bli når du blir vaksen? Og vinnarteikninga til Sondre Tesdal Galtung viser ein rallykøyrer ved sida av bilen sin.
Når han blir spurt om det er det han vil bli når han blir vaksen, er ikkje Sondre heilt sikker, men heilt sikkert er det, at Petter Solberg har inspirert han når det gjeld vinnarteikninga.
Elles fortel han at han er glad i å teikna. Nå er han og klassekameratane i full sving med ei ny oppgåve. Posten sin konkurranse om å teikne århundrets frimerke. Her er oppgåva: Korleis trur du livet i Noreg er om hundre år?
Diplom og gåve
Då Reidun Amundsen frå Ditt Distrikt var på besøk i klassen på Enge skule 29. september, hadde ho med seg diplom og fotoapparat som synleg bevis til Sondre Tesdal Galtung på at han hadde vunne førstepremien. Ho hadde også med seg skulebollar og brus til heile klassen på 21 elevar, pluss ein sjekk på 2.000 kroner. Desse pengane skal klassen bruke i samråd med lærar.
Klassestyrar Astrid Live Namtvedt Brun fortel at dei ikkje har fått diskutert kva dei skal bruke pengane til endå, til så lengje står pengane trygt plassert på ein klassekonto.