Inspirert og styrkja i trua

— Eg fekk med meg den store samlinga i Spektrum torsdag, og dei to første […]

— Eg fekk med meg den store samlinga i Spektrum torsdag, og dei to første landsmøtedagane på Oslo Plaza. Kom heim seint laurdagskvelden, og då hadde dei andre allereie dekka og ordna til for konfirmasjonen, fortel ei strålande nøgd Hatteland.

— Uforståeleg
Lokallagsleiaren i Vindafjord Høgre tykte det var inspirerande å få møte partileiinga og andre delegatar som var ute i same ærend som ho. Men til liks med dei fleste andre som hadde teke vegen til hovudstaden, skjønar ho ikkje kvifor Høgre og den sitjande regjeringa ikkje får større oppslutning for politikken sin.
— Folk har i snitt aldri hatt det betre. Kjøpekrafta til ein gjennomsnittleg norsk familie har i løpet av rimeleg kort tid auka med minst 5.000 kroner i månaden. Arbeidsløysa er kraftig redusert. Men Høgre får altså ikkje særskilt kreditt for dette. Eg finn ikkje andre forklaringar enn at det alltid vil vera ein del slitasje med å vera i posisjon kontra opposisjon, sukkar Hatteland.

Brenn for skulen
Læraren på Ølen skule er naturleg nok svært oppteken av alt som har med utdanning å gjera.
— Det er særs viktig for meg at kunnskapsløftet vert gjennomført slik Kristin Clemet har annonsert. Det er ikkje til å leggja skjul på at det tidvis har vore ein del tøffe kampar på lærarrommet vårt, seier ei som definitivt ikkje sender nasjonale prøvar i retur før elevane så mykje som har fått kikka på dei.
— Høgre ønskjer å ha individet i sentrum. Skal me som lærarar klara å følgja elevane våre opp på best mogeleg måte, er resultata frå dei nasjonale prøvane eit viktig reiskap, hevdar 46-åringen.

Jordnær Erna
Opphaldet i Oslo vart også eit møte med ein partileiar som samanlikna seg sjølv med ei kråkebolle. Litt hard utanpå, men veldig mjuk inni.
— Eg opplevde Erna som varm og inkluderande. Og framfor alt veldig jordnær. Det er gode signal. At ho også hadde familien sin med seg, tykte eg var skikkeleg moro, seier ei som sjølv har fem born i alderen ni til 24 år.
— Det er ei stor gåve å ha så mange ungar, sjølv om eg stadig må forklara at alle er mine, og ja dei har same pappaen, smiler den aktive mora. Som også er klinkande klar når det gjeld dei i samfunnet vårt som ikkje klarer seg på eiga hand.
— Dei som fell utanfor skal få all den hjelp me kan gje, lovar ho.

Lokal valkamp
— No startar valkampen for fullt. Torhild Widwey har takka ja til å koma for å hjelpa oss lokalt. Eg har også veldig lyst å få Kristin Clemet hit. Ho har lova meg å ta turen, men me har enno ikkje fått klarert om ho får tid under valkampen. Det er mange lokallag som ønskjer at ho skal komma. Men same kven som kjem, skal me stå på for partiet. Og sjølv om målingane ikkje er dei aller beste nett no, kjenner eg meg temmeleg trygg på at dette skal gå bra, sluttar Hatteland.