Intenst med DumDum

Gjennom heile 90-talet skapte dei meir eller mindre norma for norsk rock, og har i […]

Gjennom heile 90-talet skapte dei meir eller mindre norma for norsk rock, og har i det siste befesta posisjonen sin ved å gi ut eit nytt, kritikarrost album 20 år etter at dei hadde platedebut.
Det er mange som meiner at vokalisten Prepple er Noregs beste rockevokalist, og det var ikkje vanskelig å seie seg einig i går kveld. Intens, ærleg og energisk, men befriande fri for påtatte fakter, dette var ein vokalist som søkte kontakt med publikummet.
Og torsdagskonserten har vel aldri vore så godt besøkt med eit publikum som kunne bortimot alle tekstar som i går.

Ellevill jubel
Det seier litt om vitaliteten og aktualiteten til eit band som har halde på i rundt 20 år at dei kunne avslutte kvelden med låten «Enhjørning» frå det nyaste albumet deira. Og jubelen ville ingen ende ta når «Splitter Pine» deretter dundra ut av høgtalarane. I løpet av ti år har også rocken funne sin plass i Skånevik Bluesfestival, og då DumDum Boys hadde gått av scena var det ikkje eit punktum for kvelden, men snarare avslutninga av ein prolog for kva som er i vente resten av helga i Skånevik.