Interessant frå HSD

Det vekte jubel hos fleire av oss i Skånevik då den seine snøggbåten frå Bergen  […]

Det vekte jubel hos fleire av oss i Skånevik då den seine snøggbåten frå Bergen  kom att  frå 01.01.06.   At Ølen miste den  same båten var jo ikkje så kjekt,  men dei får kompensasjon.  I ein interessant merknad  nr.7  til klokkeslettet då båten er i Skånevik kl.2310,  heiter det: «Drosje til Ølen viss passasjerar».   Dette er flott.
Det var 01.11.03  Skånevik miste denne seine kveldsbåten,  og det har vore eit stort sakn for mange av oss.   Båten enda då opp i Ølen,  men det stod ingen merknad om «Drosje til Skånevik viss passasjerar».  
For underskrivne har konsekvensen vore at kona mi har henta meg i Ølen klokka 2335 mellom 10 og 20 gonger desse åra.
Det som undrar meg, er dette:  Korleis kan denne forskjellsbehandlinga henga saman?  Det skulle eg gjerne ha HSD sitt svar på.
Men i gleda over at den seine båten har kome tilbake,  går ikkje dette hardt inn på oss.  Det kunne likevel vera svært interessant å vita……


Med vennleg helsing
Hans Olav Tungesvik